Opnar B-hallen i november: – Eit «Tilbake til framtida»-augeblikk

Bilde frå arkiv.

Bilde frå arkiv. Foto:

Hydro har bestemt å restarta produksjonen i B-hallen på Husnes innan utgangen av november, etter å ha køyrd verket med halv kapasitet i meir enn ti år.

DEL

I rapporten frå andre kvartal kom det mellom anna fram at Hydro valte å utsetja gjenopninga av B-hallen på Husnes til tidlegast slutten av tredje kvartal i år, avhengig av korleis marknaden og utsiktene for året utvikla seg.

Resultatet for det andre kvartalet i år var påverka av svake marknadstilhøve som følge av covid-19, noko som mellom anna prega prisar og volum.

No er det klart at endeleg oppstart blir i november.

– Vi er veldig glade for å endeleg setja B-hallen på Husnes tilbake i drift, og å dra nytte av dei omfattande teknologioppgraderingane vi har gjort og la dei tilsette og Husnes-samfunnet sjå framover etter mange år med uvisse, seier konserndirektør for Primærmetall i Hydro, Eivind Kallevik.

Då oppstarten blei forsinka tidlegare i år på grunn av marknadsfallet forårsaka av covid-19-pandemien, hadde Husnes nesten fullført oppgraderingsprosjektet til 1,5 milliardar for å restarta B-linja med teknologielement frå teknologipiloten på Karmøy for å løfta drifta og redusera miljøfotavtrykket.

– Med oppgraderingane i B-hallen er Husnes blant dei mest klimaeffektive aluminiumsverka i verda, og produserer eit materiale som EU anerkjenner som ein viktig byggekloss for det sirkulære lavkarbonsamfunnet, seier Kallevik.

Husnes produserer i dag nærare 100.000 tonn primæraluminium i året etter at B-hallen blei stengd under finanskrisa i 2009. Verket vil dobla produksjonen når B-hallen er i full drift.

Avgjerda om restart av B-linja ved Husnes er basert på forbetringar i marknaden, kombinert med forventningar om at Norge held fram med å nytta EU sine retningslinjer for kompensasjon av indirekte CO₂-kostnader for perioden 2021–2030.

– Eit «Tilbake til framtida»-augeblikk

Fabrikksjef på Husnes, Johan Berg, kallar den reviderte oppstartsplanen eit «Tilbake til framtida»-augeblikk for Husnes, etter eit tiår med uvisse.

– Vi tar no eit stort skritt mot å sikra fremtida for kollegaane våre og heile lokalsamfunnet, og bringar Husnes tilbake betre og grønare enn nokosinne, fortel Berg.

Hovudtillitsvald ved Hydro Husnes, Ørjan Normann, seier at avgjerda kjem på eit avgjerande tidspunkt for dei tilsette, som opplevde fornya uvisse då covid-19 sette kjeppar i hjula for oppstarten.

– I tillegg til å gjera kollegaane trygge, vil dette gjera det mogleg for dei nytilsette og familiane deira endeleg å sjå framover, bygga eigne liv her lokalt og dermed også framtida for dette samfunnet, seier Normann og legg til:

– No er det er opp til regjeringa å bruka handlingsrommet EU gir fullt ut, til å sikra og vidareutvikla den fornybaserte aluminiumsproduksjonen vår, og dermed gi industrien med det lågaste klimaavtrykket ei langsiktig framtid her i Norge.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken