Gå til sidens hovedinnhold

Opnar Valen kyrkje tysdag kveld for dei som ønskjer å samlast


Ordførar Hans Inge Myrvold opplyser til Kvinnheringen at det vil vera ope i Valen kyrkje tysdag kveld (20. juli) frå klokka 18 i forbindelse med den tragiske ulukka på Baugstranda måndag kveld.

Representantar frå støttegruppa til Kvinnherad kommune, politi og kyrkja vil vera til stades, fortel Myrvold.

– Alle som ønsker å snakka med nokon eller berre samlast, er velkomne, seier ordføraren.

Les også

Prega ungdomsmiljø etter dødsulukka: – Dette gjer djupt inntrykk på mange

Kommentarer til denne saken