Måndag føremiddag vart Kvinnheringen tipsa om at 10:35-avgangen frå Sydnes ferjekai måtte snu og returnera. Årsaka skulle vera at ferjelemmen på Utbjoa hadda hamna i sjøen.

På reiarlaget Norled sine nettsider kunne ein lesa følgjande:

«Grunnet feil på fergekai vil anløp Utbjoa utgå inntil videre. Utbedring pågår, det vil bli sendt ut ny melding ang. anløp i løpet av dagen.».

Cathrine Gjertsen, kommunikasjonssjef i Norled, stadfesta overfor Kvinnheringen at feilen låg i ferjelemmen.

– Det stemmer at ferjelemmen på landsida er øydelagt. Den har sege ut i sjøen, slik at delar av den nok ligg nedi. Det er noko det blir jobba for å fiksa no, og vi kjem til å senda ut driftsmelding så snart vi kan leggja til der igjen.

– Vi håpar utbetringa skjer fort.

Ut frå den informasjonen Gjertsen hadde då, ville ferjene elles gå som normalt, berre utan anløp Utbjoa. Kommunikasjonssjefen oppmoda reisande til å følgja med på Norled sine nettsider for oppdaterte driftsmeldingar.

Oppdatering:

Rundt klokka 17.20 kom det melding frå Norled om at ferjelemmen var reparert, og at avgangane i sambandet gjekk som normalt.