Ligg gunstig til for aktivitetane i Sunnhordland og Hardanger

Av
DEL

Vel innom dørene i dei gamle skipsbyggjarlokala på Børnes vert ein møtt av ei enorm not som fyller meir eller mindre heile hallen. Frå taket og ned. I den eine enden arbeidar Joakim Botten med ei stor nål, utan at tankane eitt einaste sekund går til hardangersaum. Her er det grove masker som gjeld, men like fullt må det gjerast etter boka.

Halde på i to år

– Bøting er ein viktig del av kvardagen vår. Dette er ei ekstraordinært stor og tung not, og då er det gjerne litt fysisk hardt arbeid. Noko av det viktigaste når det kjem til bøting av nøter er å finne den optimale ergonomien i arbeidet, forklarar dagleg leiar for Selstad si avdeling i Uskedalen, Egil Pile.

Han fortel at nota som heng ned frå taket snart skal attende til eigarane på Svåsand i Jondal. Det er omtrent på dagen to år sidan sceneskiftet frå båtbygging til notvask var eit faktum. Det starta med seks tilsette. Nett no er eit par nye under opplæring på hovudkontoret i Måløy, og når dei er attende på Børnes vil arbeidsstokken telja ti personar.

Korte horisontar

– Det har vore litt utskiftingar, men felles for alle som har vore innom er at dei har funne seg godt til rette. Men som alltid i eit nystarta selskap, vil det gå litt opp og ned. Me har hatt mykje arbeid, sjølv om aktiviteten svingar veldig. Korte tidshorisontar er ein del av kvardagen. Ekstrainnsats og overtid får me teke att i fri når det roar seg att. Nett no er me i sluttfasen av ein svært hektisk periode. Stikkord: Blåskjelinvasjon.

Midt i leia

Verksemda i Uskedalen tilbyr vask, desinfisering, reparasjon og impregnering av nøter brukt i oppdrettsnæringa. Mowi, Alsaker og Tombre er store og viktige kundar.

– Me ligg gunstig til for aktivitetane både i Sunnhordland og innover mot Hardanger. Stort sett kjem kundane våre til kai med dei skitne nøtene, og hentar dei att når den tid kjem. Andre gonger er det meir naturleg å bruka store bilar.

Treng meir plass

Pile er sjølvsagt glad for den stadig aukande aktiviteten som skjer på nabotomtene. Han er også glad for at Selstad har kjøpt seg inn i Eidsvik Eigedom.

– Ingen tvil om at eigarane våre har langsiktige tankar for det som skjer på Børnes. Alt peikar mot at me sjølve vil trenga meir areal. Då er det bra at me også kan vera med å sikra vår eiga framtid, og samstundes få ha ei hand på rattet når det gjeld den generelle utviklinga av industriområdet her på Børnes.

Ekstremvask

Det mest spektakulære med Selstad-avdelinga i Uskedalen, er nok den enorme vaskemaskina.

– Eg trur me har den aller største modellen. I kvar vask går det 3500 liter kaldt vatn. Og me brukar det same vatnet kvar gong. Etter at tromlane har knust skit, sjøgras og blåskjel, vert vatnet reinsa og brukt på nytt. Alle avfallsstoffa vert sirleg pakka ned og sendt til Sverige. På grunn av kopar-impregneringa på desse nøtene, er det veldig strenge krav til avfallssortering.

– Kor lang tid tek det å vaska ei not?

– Normalt klarar me kanskje to vaskar per arbeidsdag. Denne store og ekstremt skitne nota måtte ha ein heil dag i maskina. Men så gjekk det også vekk nokre kilo i vasken. For ikkje å snakka tonn. Ho vog vel kring 16 tonn då me heisa den opp i maskina. Ferdig vaska vog den ein stad mellom fem og seks tonn, smiler Egil Pile.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken