I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om temaet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».
I denne del 1 av reportasjeserien «Spelet om fisken» har vi sett nærare på oppdrettsnæringa i kommunen vår. Kva blir produsert her? Kor mange er sysselsette i næringa? Kva ringverknadar har den? Korleis er utviklinga i bransjen? Kva seier oppdrettarane sjølve?
200 jobbar i oppdrettsnæringa
Oppdrettsbedriftene (med lokalitetar) i Kvinnherad sysselset direkte til saman rett i underkant av 200 personar. I tillegg kjem indirekte tenester.
Kvinnherad er den tredje største oppdrettskommunen i Hordaland, med åtte prosent av dei kommersielle løyva. Det kjem fram i rapporten «Ringvirkningsanalyse for havbruk i Rogaland og Hordaland», som Nofima gav ut i november i 2015 på oppdrag for Sjømat Norge Havbruk Vest. I Hordaland totalt, som er det nest største oppdrettsfylket i landet, var det då 286 løyve til havbruk. I Kvinnherad var det 13 løyve for matfisk (laks og aure), tre for settefisk (laks og aure), fem for andre artar, skaldyr med meir og to løyve for stamfisk, visning, FoU med meir. Då rapporten kom ut var det 154 årsverk knytt til havbruk i Kvinnherad, i hovudsak gjennom oppdrett direkte, samt slakte- og vidareforedlingsaktivitet. Somme av oppdrettsbedriftene har utvida verksemda si sidan den tid, som Lerøy Sjøtroll, som har etablert eit tilvekstsenter i Rosendal.
Næringa handla for 149 millionar kroner frå leverandørindustrien internt i kommunen i 2015. Dei største innkjøpa var knytt til internhandel med fisk og slakteritenester. Mange tenester var òg knytte til elektrisitet, røyr og ventilasjon. I etterkant av at rapporten blei skrive, har også notprodusenten Selstad AS etablert seg i Uskedalen, bedrifta Risnes Marine Craft, som leverer båtar og utstyr til oppdrettsnæringa, har etablert seg i Rosendal, og også andre lokale bedrifter har satsa meir på leveransar til næringa.
Tilvekstsenter
Lerøy Sjøtroll har totalt fem lokalitetar her ‒ tre på sjø, éin på land og fôringssenteret i Kvinnherad.
‒ Vi har to ordinære lokalitetar i Kvinnherad, Skorpo NV og Djupavik. Vi produserer rundt 5.000 tonn laks årleg på desse to lokalitetane. I Maurangerfjorden har vi lokaliteten Tveitnesvik som produserer stamfisk av aure. Eit utval av individ frå denne lokaliteten blir flytta til Jakta i Fotlandsvågen på Osterøy og blir foreldre til ein ny generasjon med aurar. I Sundal har vi eit settefiskanlegg som produserer to millionar auresmolt, og blir sett ut på lokalitetar i Hordaland. Frå tilvekstsenteret i Rosendal blir alle lokalitetar i Kvinnherad, Sveio og Fitjar fôra, til saman ti lokalitetar, opplyser Willy Berglund, administrerande direktør i Lerøy Sjøtroll.
Til saman har Lerøy Sjøtroll 26 tilsette i Kvinnherad.
Lerøy Sjøtroll er ei samdrift mellom Sjøtroll Havbruk og Lerøy Vest, to sjølvstendige selskap drivne av den same administrasjonen. Begge selskapa er ein del av det børsnoterte Lerøy Seafood Group-konsernet. Konsernet hadde i 2016 ein omsetnad på 17,3 milliardar, og har meir enn 3500 tilsette nasjonalt og internasjonalt.
35 tilsette
Marine Harvest har følgjande lokalitetar i bruk i Kvinnherad: Høysteinen ‒ matfisk (laks), Åkre ‒ matfisk (laks), Trommo ‒ matfisk (laks), Utåker ‒ matfisk (laks), Øyerhamn ‒ settefisk (laks), Alsåkervik ‒ stamfisk (laks) og Slåttenes ‒ stamfisk (laks), til saman sju lokalitetar. Dei har 35 tilsette i Kvinnherad, med ei fordeling på 20 på lakseanlegga, sju på settefisk på Øyerhamn og åtte på stamfisk, opplyser samfunnskontakt Eivind Nævdal-Bolstad.
Marine Harvest ASA er verdas største produsent av atlantisk laks. Selskapet har 12.717 tilsette, verksemd i 24 land og omsette i 2016 for 3,5 milliardar euro, altså rundt 34 milliardar norske kroner.
Slakteri
Alsaker Fjordbruk produserer laks ved fem matfisklokalitetar i Kvinnherad; Ystanes, Maradalen, Dyrnes, Mælen og Seglberget. I tillegg har dei slakteriet Viking Fjord på Sunde, og base på Borgundøy. Det fortel samfunnskontakt Kristian Råsberg.
‒ Totalt har vi omlag 120 tilsette i Kvinnherad fordelt på oppdrett, slakteri og marineservice. I tillegg kjem underleverandørar og eit aukande tal byråkatar innanfor dei fleste etatar, opplyser Råsberg.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks, som i 2016 omsette for 1,76 milliardar.
Nebbo
Lingalaks har éin lokalitet i Kvinnherad, Nebbo, der dei produserer laks. Dei har òg, i lag med Eide Fjordbruk, inne ein søknad om produksjon av storsmolt på Ænes (Ænes Inkubator). Det opplyser dagleg leiar Erlend Haugarvoll. Han seier at dei i dag skapar fem direkte arbeidsplassar i Kvinnherad, samt indirekte tenester.
Totalt har Lingalaks-konsernet ni konsesjonar, derav to visningskonsesjonar. Det hadde i 2016 ei omsetnad på 632 millionar kroner.
Lærling
Eide Fjordbruk AS har fire lokalitetar i Kvinnherad: To på Varaldsøy ‒ Hondskår og Hisdal, og to på Snilstveitøy ‒ Brandaskuta og Hågardsneset.
‒ Av arbeidsplassar har vi 8-10 på desse lokalitetane, deriblant ein lærling. Vi bruker òg servicebedriftene lokalt, som båtservice, entreprenørar, elektrikarar og så bortover. Difor kan ein nærast ganga opp totalaktiviteten med tre for å få eit inntrykk av kva arbeidsplassar vi bidreg med, seier Tor J. Hjertnes, samfunnskontakt ved Eide Fjordbruk.
Eide Fjordbruk AS hadde i 2016 ein omsetnad på 495 millionar kroner.
Éin tilsett
Fylkesnes fisk har éin lokalitet i Kvinnherad, Nebbo, som dei deler med Lingalaks. På denne lokaliteten har dei éin tilsett, opplyser Lars Johan Fylkesnes, som sit i styret for Fylkesnes fisk.
Selskapet hadde ein omsetnad på 251,1 millionar kroner i 2016.