Hovudbildet: Når anlegget står ferdig i 2020 skal det produsera rundt 6,4 millionar fisk som skal boltra seg i desse og fleire kar.
Les også: Tar du det for god fisk?
Det nystarta firmaet Ænes Inkubator, eigd av Lingalaks og Eide Fjordbruk, har som kjent planar å byggja eit settefiskanlegg på Ænes. På Trovåg i Vindafjord kommune i Rogaland er Bremnes Seashore godt i gang med å byggja eit settefiskanlegg på ikkje mindre enn 15.000 kvadratmeter, og Kvinnheringen tar seg ein tur for å bli litt betre kjent med kva eit slikt anlegg eigentleg går ut på.
‒ Vi har hatt settefiskanlegg her sidan 1986, og var av dei første i landet som starta eit slikt. Den gongen produserte vi rundt 300.000 smolt på rundt 40 gram kvar, fortel prosjektleiar Øyvind Haraldseid i Bremnes Seashore.
Den gongen var det familiemedlemer av Haraldseid som eigde selskapet, men dei fusjonerte med Bremnes Seashore i 1997. Det første anlegget var enkelt, med merdar under open himmel nede i sjøkanten. Med åra blei merdane og teknologien noko utvikla, men det var ikkje før i 2013 ein starta realiseringa av planane om å byggja det heile inn i eit innandørs anlegg.
‒ Den største utfordringa under planlegginga var å finna ein dugande resirkuleringsteknologi for ferskvatnet. Vi reiste rundt og såg på ulike løysingar, men blei aldri spesielt imponerte. Vi utvikla så ein metode sett saman av ulike teknologiar, og resultatet er vi veldig fornøgde med. 99 prosent av vatnet blir gjenbrukt gjennom reinsing, biologiske prosessar, uttak av overskotsgassar og tilsetting av oksygen og lut, fortel Haraldseid, medan han viser fram vassgjenvinningshallen med topp moderne teknologi.
Kjappare til målet
I ein annan hall står ein enorm, heilautomatisk maskin for vaksinering av fisken. Både denne og den eine fiskehallen er bak glasveggar, slik at publikum kan få koma på besøk og sjå korleis det heile fungerer.
Når anlegget står ferdig i 2020 skal det produsera rundt 6,4 millionar fisk. Årsaka til satsinga, som kostar selskapet 612 millionar kroner, er eit ønskje om å korta ned tida fisken skal vera i sjøen. I hallane har selskapet full kontroll med dei utfordringane som utgjer størst farar i sjøen, altså lakselus og rømming.
‒ Her tar vi imot fisken som befrukta rogn, og fostrar den heilt til den er rundt eit halvt kilo. To av hallane skal etterlikna den første delen av sjøfasen, så målet å er korta ned tida i faktisk sjø til 12 månadar, mot dei 18 som er i dag. Så har vi eit mål om å byggja ut anlegget ytterlegare på sikt, slik at vi får korta ned tida ytterlegare, kanskje så mykje som ned til 8 månadar i sjø.
‒ Kvifor ikkje køyra heile sjøfasen på land?
‒ Laksen trivst godt i sjø, og det er ein rimeleg måte å driva på. Dessutan er sjøen stor, og arealbruken mykje mindre enn på land. Følgjeleg vert inngrepa i naturen mindre.
Over merdane i dei enorme hallane blir det installert store lyskastarar, og også lyd, fôrbruk og andre påverknadar blir nøye kontrollert av dei rundt 16 fast tilsette som skal jobba her. Fôrbruken er ifølgje Haraldseid nede i 0,8 kilo per kilo fisk.
‒ Over tid vil denne måten å ala opp fisken på vera både billigare og betre; vi kjem kjappare til målet på ein god og trygg måte, summerer Haraldseid opp.
Arbeidet med det enorme settefiskanlegget i Trovåg starta i 2015, og anleggsleiar er Knut Tungesvik frå Matre, som jobbar i Byggservice AS. Byggservice er den største bedrifta som har vore i anleggsarbeidet over tid sidan oppstarten, og dette er den største jobben entreprenørane frå Sandvoll har hatt til no. På det meste har 60 mann vore i sving med bygginga, inkludert underleverandørar.
‒ Vi var i tvil om vi skulle våga å sleppa Byggservice til, sidan den ikkje hadde denne erfaringa frå tidlegare. Men vi har ikkje angra, og er strålande fornøgde med jobben som er gjort. Byggservice har verkeleg imponert, rosar Haraldseid.
Tungesvik fortel om ein spennande erfaring og mykje ny lærdom for Byggservice-karane.
‒ Vi har lært utruleg mykje av å få gjera betongarbeidet til desse enorme hallane, og byggherren har vore svært kjekk, slik at samarbeidet har gått smertefritt. No håpar vi på fleire slike jobbar i framtida, smiler han.
Trur det er urealistisk å lukka heile syklusen
Erlend Eide, tredje generasjons oppdrettar i Eide Fjordbruk AS, har nyleg fullført ein mastergrad i resirkuleringsteknologi.
God teknologi for resirkulering av vatn er avgjerande for å lukkast med såkalla lukka anlegg. Det seier Erlend Eide, teknisk sjef i Eide Fjordbruk, som nyleg fullførte sin mastergrad i resirkuleringsteknologi.
‒ I hovudsak har eg fordjupning innan lukka anlegg på land, men i oppgåva skreiv eg om moglegheita for å vidareføra resirkuleringsteknologien til lukka anlegg i sjø. Vi har to typar anlegg - semilukka og heillukka. Det er semilukka som blir praktisert i dag. Der vert vatnet henta frå under lusebeltet, på rundt 20 meters djupne, fortel Eide.
Vatnet blir pumpa opp og tilsett oksygenet fisken treng. Det blir ikkje gjenbrukt.
‒ Semilukka anlegg er mykje likt vanlege opne anlegg, men med mindre sjans for å få lus inn i merdane. Vassmengdene ein treng å pumpa er likevel svært store, så dette er ein kostbar teknologi. Difor er det enno ikkje så utbreidd, forklarer han.
I eit heillukka anlegg, som i dag i størst grad finst på land, blir inntaksvatnet sterilisert, og ein resirkulerer vasstraumen.
‒ Sjukdomsfaren blir mindre, men ikkje vekke. Og teknologien er sårbar for feilskjær. Men luseproblematikken får ein bukt med i desse. Heillukka anlegg på land finst det ein del av i dag, men dette er i hovudsak til smoltproduksjon. Større fisk treng større areal, så det er difor urealistisk å flytta heile syklusen til fisken på land.
‒ Kvifor det?
‒ Då blir det så kostbart at ein like gjerne kan flytta heile produksjonen til andre land der den store marknaden for oppdrettsfisk er. Dessutan ville ein måtta gjort enorme arealinngrep på land. Vi må bruka dei naturgitte føremona vi har i Norge til å driva med oppdrett, altså sjøen og fjordane våre, poengterer Eide.
Eide Fjordbruk har søkt om utviklingsløyve til å prøva ut teknologien på lukka anlegg i sjø, men dei har enno ikkje fått ja.
‒ Det å byggja heillukka anlegg i sjø er det per i dag forbunden mykje uvisse med, og ein veit ikkje om ein får det til. Difor er ein avhengig av utviklingsløyve som tek ned risikoen om ein ikkje skulle lukkast. Teknologiutvikling tar tid, og når det kjem til lukka anlegg i sjø er ein berre heilt i utprøvingsfasen enno, sluttar Eide.