Harde frontar og skuldingar om juks. Bekymringsmeldingar til fiskeriministeren, hemmelege e-postar og arbeidsrettsak. Medieoppslag etter medieoppslag gjennom mange år. Alternative forskingsprosjekt i kjølvatnet. Diskusjonar om uavhengig versus næringsvenleg forsking. Skuldingar om urettvise restriksjonar mot oppdrettarane. Det vesle, tilsynelatande idylliske vassdraget Guddalselva, der sjøauren og laksen gyt og der fossekallen hekkar i elvekanten, har dei siste åra skapt ein støy som få andre elvar er i stand til, ein støy som har fått storpolitiske etterdønningar.
Bakgrunnen for merksemda den siste tida er ei rettssak som har pågått i Sør-Trøndelag tingrett i april, der lobbyist for laksenæringa, Frode Reppe, har saksøkt sin tidlegare arbeidsgjevar, Norske Sjømatbedrifters landsforening (NSL), for det han meiner var ei usakleg oppseiing. NSL på si side hevda at Reppe hadde handla illojalt ved ikkje å klarera saker og utspel med dei. Gjennom Dagbladet blei det òg kjent at Reppe skal ha sendt private, ikkje-journalførte e-postar til fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og statssekretær Roy Angelvik, noko som òg stod sentralt i rettsaken, der både Sandberg og Angelvik vitna. Av desse e-postane var det som er blitt omtalt som Hardangerfjord-notatet.
I det lange notatet innleier NSL/Reppe med at restriksjonane som vart innførte mot oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden var baserte på mangelfull forsking, og hevdar vidare at det særleg er manglande kvalitetar i Havforskingsinstituttet si forsking i Guddalselva som er problemet:
«Da NSL våren 2016 hadde møte med fiskeriministeren, med utgangspunkt i bekymringsmeldingen (vår) knyttet til manglende kvaliteter i HIs forsking i Guddalselva i Hardanger, ble det fra departementets side bedt dokumentert hvorvidt den aktuelle forskingen var lagt til grunn for forvaltningens myndighetsutøvelse. Denne gjennomgangen viser at forskingsresultater som i ettertid har vist seg å være uriktige eller mangelfulle, herunder forskingen fra Guddalselva, faktisk ble lagt til grunn for særreguleringene for oppdrettsvirksomheten i Hardanger», står det i notatet.
Den nemnde bekymringsmeldinga, og følgjeleg forskinga i Guddalselva, fekk svært mykje medieomtale då den blei sendt fiskeriministeren. Den utløyste òg ein diskusjon om forskarane si rolle, og førte til den etterkvart så kjende uttalen frå fiskeriminister Sandberg om at forskinga skal vera «næringsvennleg». Men kvifor oppstod eigentleg støyen rundt Guddalselva? Kva handlar det eigentleg om? Og korleis var det å stå midt i det? Kvinnheringen har tatt ein prat med somme av aktørane som er tett på elva.
Kritisk til felleopning
Tidlegare leiar i Guddalselva elveeigarlag, Ørjan Solheim, har på sett og vis vore i front for «støyen» rundt elva. Solheim er opphavleg frå Austrheim. I 2012 blei han leiar i Guddalselva elveeigarlag, og seier han då opplevde det han meinte var eit relativt stort sprik mellom dei tala Havforskingsinstituttet (HI) rapporterte om når det kom til rømt oppdrettsfisk i elva og det elveeigarane sjølv registrerte. Elveeigarane meinte at det ikkje hadde vandra opp rømt fisk i det heile i 2013, medan HI sine tal viste 56 prosent rømt oppdrettsfisk. Solheim stilte òg andre spørsmål ved forskinga, og det han var mest kritisk til, var storleiken på opninga på fiskefella ved den gamle fisketrappa i Seimsfossen, som han seier berre var om lag 7 cm.
– I HI sine forskingsrapportar peikte dei på at det berre var små fisk som vandra opp i elva. Men det er klart dei ikkje kan vandra opp, med tanke på at sjøaure mellom 3,5 og 4 kilo faktisk ikkje kjem seg inn i fella. Eg har registrert mykje stor fisk i elveosen, men det er klart at dei ikkje vandrar opp i elva når dei ikkje kjem seg opp!
Blei kjend med Reppe
Solheim skreiv mange kronikkar der han kom med kraftig kritikk mot forskinga. Han blei kjend med Frode Reppe då NSL inviterte seg sjølv til styret i Guddalselva elveeigarlag saman med nokre lokale oppdrettarar i Hardangerfjorden.
– På denne tida hadde ikkje eg høyrt om han, men han hadde lagt merke til engasjementet mitt, og delte mange av synspunkta mine. Ikkje lenge etter det første møtet var vi i gang med å planlegga ny laksetrapp i elva, fortel Solheim.
Økonomisk støtte fekk dei frå aktørar i oppdrettsnæringa, og i 2015 var det storstilt opning med sjølvaste Frank Bakke-Jensen (H) (dåverande fiskeripolitisk talsmann, no forsvarsminister) som gudfar. Bakke-Jensen har òg kome med offentleg kritikk av eksisterande forsking, som at han meinte monopolet til HI må opphøyra (iLaks 12.juni 2015). Solheim hevdar at forskingsmiljøet stilte seg kritisk til den nye trappa, og seier han trur det handla om ein kombinasjon av at oppdrettsnæringa stod bak finansieringa, og ei frykt for at det skulle vandra opp så mykje og stor fisk i den at den slo bein under forskingstal som viste lite fisk i elva, noko han òg hevdar at trappa har gjort.
‒ Kva interesse skulle forskinga ha av å «juksa» med tal?
‒ Forskarar er jo avhengige av langvarige prosjektmidlar, og ei friskmelding av Hardangerfjorden ville jo ført til nokså lite å gjera for forskinga her framover, hevdar han.
‒ Men forsking viser jo at det ikkje står bra til for villfisken i andre vassdrag i nærområdet vårt heller. Så ei friskmelding ville fjorden neppe fått sjølv utan forskinga i Guddalselva. Kvifor gi denne så stor betyding?
‒ Det er bra med fisk i fleire av dei andre elvane. Det kunne sjølvsagt vore betre, men no har det jo vore mangel på brisling i nokre år, så det er éin av mange faktorar som påverkar. Og no når brislingen er begynt å koma tilbake, har òg sjøaurebestandane begynt å veksa igjen. Berre sjå på resultata frå Granvinsrapporten. Ein har sjølvsagt elvar som Æneselva og Melselva der det ikkje står så bra til, men dette er sure elvar, så hadde ein kalka her, slik ein gjorde i Uskedalselva, hadde nok bestandane tatt seg opp att også her, trur Solheim.
Innsynskrav
Saman med advokat Lars Selmar Alsaker i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange sendte Solheim i 2016 ei lang rekkje innsynskrav til HI om forhold som gjekk på forskinga deira. I tillegg sendte Reppe sin organisasjon NSL ei bekymringsmelding til fiskeriminister Per Sandberg (Frp), som gjekk på forskinga i Guddalselva. Innhaldet i meldinga står òg nøye skildra i det såkalla Hardangerfjord-notatet (sjå innleiing), som hamna feil, hjå ein svensk mann som tilfeldigvis òg heiter Per Sandberg, og dermed blei kjent i media. Solheim fortel at advokat Alsaker kom inn i bildet etter at han hadde fått høyra om Solheim og Reppe sin kritikk, då han meinte at det låg eit samfunnsansvar i å følgja denne kritikken opp. Solheim gjekk etter kvart sjølv frå ein jobb i oljebransjen til oppdrettsnæringa. Heilt tilfeldig, seier han. I dag er han ikkje tilsett i næringa meir, men driv sitt eige konsulentselskap der han bistår næringa med ulike råd. Han fortel at han etter kvart trekte seg som leiar i elveeigarlaget, fordi han ikkje lenger kunne stå inne for samarbeidet elva hadde med HI, og understrekar at han i denne saka uttalar seg på vegner av seg sjølv, ikkje laget.
– Du seier du ikkje var interessert i korkje fisk eller oppdrett før du blei leiar i Guddalselva. Men blei du ein betalt lobbyist for oppdrettsnæringa?
– Nei, eg får ikkje betalt for noko av nokon når det gjeld kritikken av forskinga i Guddalselva. Eg har eitt einaste ønske, og det er å avdekka det som har føregått der. At fleire i oppdrettsbransjen, og andre, har fatta interesse for engasjementet mitt er tilfeldig, men veldig bra. Eg ønskjer fokus på denne saka. Men det er 100 prosent ein fritidssyssel, og eg veit ikkje om det er rett å kalla meg lobbyist heller. Det opplever eg som eit negativt lada ord. Men ja, eg er engasjert, og eg vil bli høyrt i dette. Så viss det er lobbyisme, så er det heilt greitt, meiner Solheim.
Han meiner elles at kampen om villfisken handlar om kven som eigentleg eig den.
‒ Er det grunneigarane? Havfiskarane? Fellesskapet? Forvaltinga? Forskinga? At oppdrettsnæringa har blitt ein del av diskusjonen rundt Guddalselva, er meir tilfeldig. Kampen om fisken har føregått heilt sidan vikingtida, sluttar Solheim.
Fekk skuldingar
Medlemene i Guddalselva elveeigarlag hamna midt i stormen då det bles som verst rundt elva, og det var til tider tøft å stå i. Det fortel Jarle Fossheim, noverande leiar i laget, og medlem Sigurd Naterstad. Først set dei oss litt inn i historikken til elva:
‒ Fram til 1941 gjekk laksen opp til Seimsfossen, og stoppa der. Så vart det bygd ei laksetrapp i denne, som opna opp omlag to kilometer elvestrekning med gode gytetilhøve. På 1980-talet blei omlag éin kilometer av elva kanalisert, og gytebekkar vart delvis lagde i røyr. Dette var eit stort framsteg for jordbruket, men eit tilbakesteg for laksen og auren i elva. På denne tida blei det òg gjennomført ei jordskiftesak om rettane til elva, og elveeigarlaget blei danna, summerer Fossheim opp.
I år 2000 kom Havforskingsinstituttet (HI) inn i bildet, då desse vurderte elva som veleigna til forsking, mellom anna fordi det var høveleg å telja opp- og nedvandrande fisk her. Rundt ti år seinare gjekk elveeigarlaget saman om å byggja ei ny laksetrapp i Liarfossen oppe i Guddal, dette for å dobla gytelengda til fisken i elva.
‒ Vi hadde òg lenge tenkt på å byggja ny trapp i Seimsfossen, då vi såg at plasseringa av den gamle trappa ikkje var optimal for oppvandrande laks og sjøaure. Finansieringa vart eit spleiselag mellom kommune, stat, private, og ikkje minst oppdrettsnæringa, fortel Fossheim. Trappa vart opna i 2015.
Naterstad fortel at ikkje alle var like fornøgde med måten elveeigarane hadde finansiert elva på.
‒ Tida etter at trappa kom på plass var det somme oppdrettsmotstandarar som skulda oss for å «selja oss» til oppdrettsnæringa. Vi fekk nokre ganske ekle skuldingar mot oss i sosiale medium, og det var ubehageleg. Som elveeigarar har vi heile tida hatt eit viktig mål for auga, og det er å betra levekåra for fisken i elva, hevdar Naterstad.
Dei meiner kampen for eller imot oppdrett nærast liknar eit trussamfunn, der ein blir pressa til å ta den eine eller den andre sida.
‒ Anten skal ein vera for eller imot oppdrett, men etter mi meining mistar ein då alle nyansane imellom. Heller ikkje dette med oppdrettsnæringa er svart-kvitt, og eg meiner alle gode krefter må kunna samarbeida skal ein få til noko for villfisken, seier Fossheim.
‒ Kvifor trur de oppdrettsnæringa var interessert i å finansiera trappa?
‒ Næringa må jo jobba kontinuerleg med utfordringane sine, og den såg vel trappa som eit positivt avbøtande tiltak, som den ønskte å bli assosiert med. Det var aldri nokre krav til motytingar frå næringa si side, så vi som elveeigarar såg det òg berre som positivt at dei ville bidra til å betra situasjonen for fisken i elva, svarer han.
Stilte nokre spørsmål
Men finansieringa av den nye trappa var ikkje det einaste som skapte støy rundt Guddalselva.
‒ I 2012-2016 var det mykje skriveri om elva i både små og store medium, og støysona vart etter kvart så kraftig at styret i elveeigarlaget blei klare på at vi måtte gjera vårt for å dempa retorikken. Interessene våre skulle liggja i elva og det som hadde med fisken å gjera. Resten av diskusjonane ønskte ikkje vi å vera ein del av, seier Fossheim.
‒ Hadde Ørjan Solheim sin avgang som leiar i laget noko med dette å gjera?
‒ Ørjan gjekk av som styreleiar etter eige ønske. Men forma og retorikken hans blei altfor hard for eit elveeigarlag, og han brukte altfor mykje tid på å gå HI i saumane, og dette gjorde vi i laget klart for han. Men det er dermed ikkje sagt at han ikkje gjorde ein god jobb som elvelagsleiar, og han har absolutt hatt nokre viktige og kloke poeng opp gjennom.
‒ Kva meiner de med at Solheim hadde nokre poeng?
‒ Vi elveeigarar skal absolutt ikkje revidera forskinga. Men vi har stilt nokre spørsmål ved delar av den likevel. Vår jobb er å leggja til rette for best moglege oppvekstvillkår i elva. Men ein kan ikkje dra i tvil at det har konsekvensar for fisketalet når ein stoppar all fisk som går opp og ned. Vi i styret har reist spørsmål ved dimensjonen på opninga i den gamle fiskefella, om ikkje den er for trong til at den kan sleppa gjennom større fisk, seier Fossheim.
For to år sidan blei ei ny felle med større opning sett i drift lenger oppe i fossen, og frå i år av skal den gamle fella ikkje brukast meir.
‒ Etter at den nye trappa og fella blei sett i drift har vi sett at det kjem større sjøaure opp i elva, men kor vidt dette har med opninga i fella å gjera er vel ikkje så lett å dokumentera. Men det stemmer jo meir med bildet vi kjenner frå elvemunningen, der det er godt med stor fisk, legg Naterstad til.
I tillegg har elveeigarane stilt spørsmål ved om feittfinneklippinga, altså merkinga som blir utført på fisken, kan vera skadeleg for den.
‒ Begge desse problemstillingane, både storleiken på opninga og feittfinneklippinga, har styret stilt spørsmål ved i møte med HI, utan at vi har nådd fram med argumenta. Som elveeigarar har vi som nemnt eit mål om at det skal vera meir fisk i elva, og vil gjera dei tiltaka vi kan for at dette skal skje. Vi ønskjer både forsking og fisk i elva, men vi må finna ein balanse mellom desse to, seier dei.
‒ Tok til seg kritikken
Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) var fram til 2017 fiskeripolitisk talsmann for partiet sitt, og er av dei som har vitna i rettsaka til Frode Reppe no i april. Han var av dei som uttala seg kritisk til metodebruken i forskinga i Guddalselva, og seier at slik han oppfatta det, hadde resultata frå denne forskinga hatt ei viktig betyding då den såkalla frys-forskrifta for oppdrett i Hardangerfjorden blei innført i 2008.
‒ Det kom jo kritikk frå fleire hald som gjekk på at fleire av metodane ikkje kunne etterprøvast, seier han til Kvinnheringen.
Han fortel at han blei kalla inn til eit møte med Havforskingsinstituttet og administrerande direktør Sissel Rogne for å diskutera utspela sine, fordi ho, ifølgje Trellevik, meinte at han hadde valt feil side i forskingsdebatten. Han seier at han i møtet blei lova at HI skulle gjera nokre endringar for å kvalitetssikra forskinga betre.
‒ Eg opplevde at HI tok til seg noko av kritikken som var komen mot forskinga, og at det var viktig for dei med gode forskingsetiske standardar. Eg fekk òg signal om at dei skulle endra litt på metodane, mellom anna ved å syta for at det skulle vera fleire forskarar enn éin som stod ansvarleg for forskingsprosjekt framover, til dømes i nettopp Guddalselva, seier Trellevik.
‒ Kvifor meinte du dette var viktig?
‒ Fordi eg ville vera sikker på at forskinga held god nok kvalitet. Og nettopp det at ein får gode forskingsstandardar framover meiner eg er det viktigaste som kan koma ut av denne saka. Ein forskingsmodell vil aldri kunna vera 100 prosent, men ein må ha eit konstant fokus på at den er så korrekt og etterprøvbar som mogleg, seier han, og legg til:
‒ Eg er glad for at HI viste vilje til å ta kritikken innover seg, og trur at om dei berre hadde gjort det i utgangspunktet så hadde ein neppe opplevd at saka blei så stor som ho blei.
‒ Ta ballen, ikkje mannen
Professor i biologi ved NTNU, Yngvar Olsen, har tidlegare blitt kritisert av forskardirektør i HI, Geir Lasse Taranger, for at han har uttalt seg kritisk til eksisterande lakselusforsking. Taranger uttalte til Fiskeribladet i 2016 at det var vanskeleg å ta Olsen seriøst, og viste til at Olsen har drive lite med lakselusforsking sjølv. Olsen seier til Kvinnheringen at ein lett blir skulda for å vera kunnskapslaus straks ein stiller spørsmål ved eksisterande forsking.
‒ Erfaringane er diverre slik at dersom ein stiller spørsmål til forskingsresultat, så blir ein lett skulda for å vera kunnskapslaus. Men mi meining er at folk som er i stand til å stilla eit godt spørsmål, også er i stand til å forstå svaret. Så institutta har mykje å tena på å svara skikkeleg når dei blir møtte med spørsmål, framføre å bruka hersketeknikkar som at vanlege folk ikkje forstår seg på forsking. Ta ballen, ikkje mannen, konkluderer Olsen.
‒ Ein del av kunnskapsgrunnlaget
Kvinnheringen har spurt Nærings- og fiskeridepartementet om kor stor betyding Guddalselva hadde for restriksjonane i Hardangerfjorden.
‒ All forvalting skal vera kunnskapsbasert. Det betyr at forvaltinga skal byggja på den beste kunnskapen som finst til ei kvar tid. Dette betyr igjen at kunnskapsgrunnlaget vi forvaltar etter, heile tida blir utvikla. Forvaltingsreglane må utviklast tilsvarande. Då det blei innført restriksjonar for oppdrettsnæringa i Hardanger blei dette basert på meldingar frå fleire hald, der den forskinga som blei gjort i Guddalselva var ein del av kunnskapsgrunnlaget, svarar statssekretær Roy Angelvik i Nærings- og fiskeridepartementet i ein e-post.
‒ 7 cm er ikkje korrekt
Storleiken på opninga i fella, som elveeigarlaget og Solheim stilte spørsmål ved, var av det som var tema i den omtalte bekymringsmeldinga frå NSL til Nærings- og fiskeridepartementet. 7. april 2016 forfatta Havforskingsinstituttet, ved Terje Svåsand og Geir Lasse Taranger, eit notat til departementet der dei kom med HI sine svar på påstandane i bekymringsmeldinga. Dei innleia med at dei hadde gått gjennom forskingsresultata frå Guddalselva på nytt, og vurdert at forskinga som var blitt gjennomført hadde god vitskapleg kvalitet både når det gjaldt gjennomføring og tolking.
«Forskningen er til dels banebrytende, og har gitt ny og unik kunnskap om både laks og sjøørret. Forskningsresultatene er publisert i flere internasjonale artikler med fagfellevurdering». På kritikken mot opninga i fiskefella svarte dei mellom anna at HI si erfaring har vist at sjøauren søkjer raskt til punktet ved fangstkammeret og inn i fella. Og at dersom sjøauren hadde blitt avvist av fella, er det sannsynleg at den i større grad ville ha blitt tatt i stangfisket som elveeigarane organiserer i Sahølen. «Vi kan ikke se at dette er tilfellet, da det i all hovedsak er laks som blir fanget på stangfisket i Sahølen». HI meinte òg at det ikkje var korrekt at oppvandringsfella var utstyrt med eit hol på berre 7 centimeter.
«Åpningen i slike feller må tilpasses fiskestørrelse, og siden fellen ble utformet primært for å fange sjøørret ble målene satt til 8x40 cm utfra kunnskapen om størrelsen på sjørreten i denne elven. Som det fremgår av fangststatistikken varierte gjennomsnittsstørrelsen på sjøørreten de fleste år mellom 1969 og 1999 fra ca. 0,7 til 2,25 kg, med kun tre år hvor snittet var litt over 2 kg. Det er derfor lite sannsynlig at åpningen var for liten for sjøørreten som har søkt til Guddalselva i den aktuelle årsperioden. Som nevnt over tyder heller ikke fisket i Sahølen på at stor sjøørret er avvist av fiskefellen», skriv HI.
I den omtalte bekymringsmeldinga blei det òg teke opp at den nye fisketrappa som blei opna i 2015 førte til at oppgangen av spesielt laks mangedobla seg første året den nye fisketrappa var i drift, og at sjøaurestammen auka med 50 prosent etter at den nye trappa blei montert. Til dette svarte HI i notatet sitt:
«Det er korrekt at oppvandringen av villaks og sjøørret i Guddalselva økte fra 2014 til 2015. Det samme skjedde også i en rekke andre vassdrag, blant annet i Etnevassdraget som representerer kanskje det mest nøyaktige målepunktet for laks og sjøørret som fins lags norskekysten. I Etne økte antall registrerte laks fra 417 i 2014 til ca. 2200 i 2015, mer enn en femdobling. Antall sjøørret økte fra 359 i 2014 til 1073 i 2015, nesten en tredobling. Økningen i antall oppvandrende fisk fisk skyldes sannsynligvis derfor ikke ny trapp, men reflekterer sannsynligvis en høyere marin overlevelse på årsklassene som dominerte gytebestanden i 2015».
Dei skreiv vidare at det i same avsnitt (i bekymringsmeldinga) kjem fram at HI skal ha motsett seg bygginga av den nye fisketrappa. «Det er ukjent for oss. Det er imidlertid kjent at instituttet avslo en forespørsel om å delfinansiere den nye trappen».
‒Ikkje uavhengige nok
Forskinga held god standard, men burde ha blitt vurdert av nokon utanfor Havforskingsinstituttet. Det slår rådet SAB (Scientific Advisory Board) fast. Rådet, som består av nasjonale og internasjonale ekspertar, blei oppretta i 2017, etter ønske frå Nærings- og fiskeridepartementet. Dette for å vurdera forskinga mellom anna i Guddalselva, som ei følgje av all merksemda som kom rundt denne. I februar i år fekk departementet tilsendt resultatet. Rådet innleiar med at deira jobb ikkje har vore å sjå på kvaliteten på forskingsresultata, men å vurdera om vitskapleg protokoll har blitt utført på skikkeleg vis. Konklusjonen rådet kjem med er at forskinga i elva er utført i høve til normalt god forskingspraksis. Den er fagfellevurdert og er blitt utsett for uavhengige tilbakemeldingar som er standard for forsking. Rådet skriv at fagfellevurdering i seg sjølv ikkje er nokon garanti for kvaliteten på forskinga, men at det er, i mangel på noko betre, den internasjonalt aksepterte kontrollmekanismen ein har. Havforskingsinstituttet får likevel kritikk for sjølv å ha utnemnt eigne medarbeidarar til å evaluera forskinga. Rådet skriv at det overordna forskingsprogrammet i elva er blitt vurdert av to fagfeller, noko som er typisk prosedyre, men at det er viktig, særleg når det handlar om kontrovers kring forskinga, at dei som skal vurdera denne blir utnemnt eksternt. Dei to fagfellene som i denne samanheng har vurdert forskinga, kan ikkje sjåast på som tilstrekkeleg uavhengige, skriv rådet, og påpeiker vidare at ein av fagfellene i tillegg kan knytast til nokon av studiane som blei utført i Guddalselva. Rådet avsluttar med at sjølv om studiane i Guddalselva sine primære mål er forsking og ikkje politisk rådgjeving, vurderer dei at råda frå HI, som følgje av forskinga, burde bli fagfellevurdert, sidan dei har stor innverknad på samfunnet.
‒ Må prioritera samfunnsoppdraget vårt
‒ Kvifor akkurat Guddalselva har fått den merksemda den har fått, synest eg er merkeleg.
Det seier Sissel Rogne, administrerande direktør i Havforskingsinstituttet. Ho peiker på at dei er 11 forskingsinstitusjonar over heile landet som jobbar saman om og med forsking, og som saman årleg gir ut ein svær risikorapport for norsk fiskeoppdrett. I 2018 er denne rapporten på heile 180 sider, og med 45 forfattarar som står bak.
‒ Ja, forskinga i Guddalselva er viktig, men ikkje viktigare enn alle dei andre forskingsprosjekta vi har. Den er ei brikke i eit stort puslespel, seier Rogne.
At nokon likevel har noko å tena på å halda liv i denne spesifikke konflikten, er ho ikkje i tvil om.
‒ Bak konflikten står eit nettverk vi kjenner til ‒ nokon mektige, andre mindre mektige ‒ nokon er synlege i debatten, andre ikkje. Det dei har til felles, er at dei tener på at konflikten blir halden i live.
Ho viser til at nokon alltid vil prøva å så tvil om eksisterande forsking fordi dei ikkje er nøgde med resultata. Forskingsresultat legg grunnlaget for forvalting, og så lenge det er restriksjonar for oppdrett i Hardangerfjorden, altså raudt lys for vidare vekst, vil det alltids vera dei som vil gjera det dei kan for å så tvil om desse restriksjonane er gjorde på rett grunnlag, peiker ho på.
‒ I oppdrettsnæringa, som i andre næringar, har du folk i begge ytterkantar. Du har dei som tek forskinga på alvor og gjer det dei kan for å møta dei utfordringane næringa har, men du har òg dei som lukkar auga for forskingsresultat dei ikkje likar. Oppdrettsnæringa er ei framtidsretta næring som kan bli heilt fantastisk om den berre gjer ting skikkeleg. Her er mange av aktørane på god veg, det går absolutt framover i næringa generelt, og dei fleste viser vilje til å ta miljøutfordringane på alvor. Men å få alle til å dra same lasset er krevjande, men det må likevel vera målet, for vi er alle gjensidig avhengige av kvarandre for å skapa ei berekraftig framtid, meiner Rogne.
‒ Nokon hevdar at HI sjølv må ta noko av skulda for at støyen rundt Guddalselva er blitt så kraftig, ved at de ikkje vil svara på kritikk de får. Kva seier du til det?
‒ Vi har i lang tid svara på kritikken, men no har vi bestemt frå øvste hald at vi korkje kan eller vil bruka meir tid på å møta alle påstandar og skuldingar som kjem mot oss. Skal vi kunna løysa samfunnsoppdraget vårt, må vi få arbeidsro, vi kan ikkje bruka arbeidstida på å svara om att og om att på spørsmål vi allereie har svart på. Vi har mottatt eit enormt tal innsynskrav. Eitt år fekk vi 900 innsynskrav retta mot oss, og sendte ut minst 2000 dokument. Vi har vore nøydde til å ta ei avgjerd om kva vi skal bruka tid på, og kva vi rett og slett må ignorera, seier Rogne.
‒ Er de opne for kritikk?
‒ Fagleg kritikk helser vi alltid velkommen, og vi er sjølvsagt opne for at vi kan gjera feil eller forklara noko på ein uklar måte. Vi har som mål å heile tida utvikla oss og gjera ein best mogleg jobb, så konstruktive tilbakemeldingar tar vi imot med største openheit. Men når det kjem lause påstandar og grove skuldingar om juks i forskinga, skuldingar som blir gjenteke og gjentekne, mister dei etterkvart si injurierande kraft, og vi kan ikkje gjera anna enn å oversjå dei. Som sagt, vi vil heller prioritera å bruka tid på samfunnsoppdraget vårt.
Om stortingsrepresentant Ove Trellevik sine påstandar om at Rogne skal ha kalla han inn på teppet etter at han uttala seg kritisk til forskinga, seier ho:
‒ Dette er heilt feil. Trellevik blei, som alle andre politikarar som er opptekne av havspørsmål, invitert til HI for at vi skulle kunna visa han korleis vi jobbar. Mellom anna ville vi at han skulle få vita om korleis vi gir bestandsråd, eit svært vanskeleg fagfelt som er meir komplisert enn rakettforsking. Eg har alltid opplevd Trellevik som ein som er oppriktig interessert i havbruksspørsmål, og vi hadde eit svært hyggeleg møte. Eg blei difor svært overraska då han i «Reppe-saka» hevda at eg skal ha påstått at han har valt feil side i denne forskingsdiskusjonen. Det har eg aldri gjort, seier Rogne.
Ho kjenner seg heller ikkje igjen i at ho skal ha lova Trellevik at HI skulle endra på forskingsmetodar.
‒ For det første er det ingen forskar som har jobba åleine i Guddalselva, så det er ei stor mistyding. Det er alltid fleire forskarar som står ansvarlege saman. For det andre er det jo ikkje sånn at det berre kan koma ein politikar inn på HI-direktøren sitt kontor og diktera korleis forskinga skal gjennomførast, så at eg skal ha kjøpslått med Trellevik på kontoret mitt fell på si eiga meiningsløyse, slår ho fast.
Ho seier at ho etter kvart er lei av å bli møtt med påstandar om at HI ikkje er audmjuke nok, og meiner ein like gjerne kan snu på flisa.
‒ I kva grad er ein eigentleg audmjuke mot forskarar som brukar heile karrieren sin på problemstillingar til beste for komande generasjonar, og utan eigeninteresse? HI hadde nyleg besøk av den japanske fiskeriministeren, som var svært oppteken av korleis vi forvaltar den perla Hardangerfjorden er. Det at vi har ei god forvalting som byggjer på ei grundig og god forsking er svært viktig for den marknaden som kjøper fisken vår. Så eigentleg er vi alle i same båt, og vi ønskjer det same, altså både næringsutvikling og samstundes ivaretaking av miljøet vårt. Dette burde vera fokuset, i staden for dei tidvise svertekampanjane mot forskinga. Det fører ingenting godt med seg, sluttar Rogne.
Synleg forsking
Elvelaboratoriet i Guddalselva vart i si tid etablert av Havforskingsinstituttet i samarbeid med ei rekkje forvaltingsetatar som såg nytta og ville ha dette. HI-forskar Øystein Skaala har vore ansvarleg for elvelaboratoriet sidan starten, og har i løpet av nesten tjue år bidrege til mange viktige data om villaks og sjøaure, og om oppdrettsnæringa sin påverknad på villfisken. Til liks med Rogne peikar han på at dette likevel berre er ein del av dei store forskingsprogramma som går føre seg til ei kvar tid, over heile landet.
‒ På spørsmålet om kvifor akkurat Guddalselva har fått så mykje merksemd, trur eg svaret ligg i at eit elvelaboratorium, der ein er til stades heile vegen, blir svært synleg, og særleg i eit lite lokalsamfunn som vårt. Det går jo føre seg svært mykje forsking over heile landet, men mykje skjer i byar, og inne på laboratorium. Guddalselva har i så måte kanskje på sett og vis blitt eit symbol på forskinga som elles ikkje er så synleg, og på den måten blitt gitt større betyding enn den eigentleg har, i alle fall av enkelte, vurderer Skaala.
Han understreker at forskingsresultata frå elva er viktige, men at dei likevel ikkje er meir enn ei brikke i eit stort puslespel.
‒ Så den sterke betydinga einskilde har gitt forskinga i Guddalselva, nærast som om den er einaste ansvarlege for restriksjonane mot oppdrettsnæringa, er overdriven. Den er som sagt berre ein del av eit mykje større bilde, seier han.
Sjølve kritikken som har kome mot forskinga vil han ikkje kommentera.
‒ Desse spørsmåla og skuldingane er blitt grundig svarte på tidlegare, og frå HI si side har vi avgjort at vi ikkje vil bruka tid på dette som ikkje fører noko godt med seg. Fokuset skal liggja på forskinga, humpane i vegen må vi oversjå.
Han legg til at dei fleste, både oppdrettarar, forskarar og villfiskforkjemparar, har dei same måla, nemleg eit sunt samspel mellom næring og miljø.
‒ Dette har vi sett tydeleg i Etneelva, eit av dei andre prosjekta eg leiar, der vi opplever eit veldig flott samarbeid med skule og lokalsamfunn, og med interesse og økonomisk støtte frå havbruksnæringa. Oppgåva til oss forskarar er å finna ut kor tolegrensa for menneskeleg påverknad på miljøet går, og det opplever eg at dei fleste har forståing for og respekterer, sluttar han.
‒ Skapar ei alternativ røynd
‒ Det finst ei rekke studiar som stadfestar at det står dårleg til med villfisken i Hardangerfjorden. Denne fjorden er ein absolutt versting i laksenorge.
Dette seier Torbjørn Forseth, forskar i NINA og leiar av Vitenskapelig råd for lakseforvaltning.
Han seier at den sterke merksemda forskinga i Guddalselva har fått, er eit sidespor, og at statusen for laks og sjøaure i Hardangerfjorden vert stadfesta av mange studiar frå dei ulike vassdraga.
‒ Vi har til dømes årlege gytefiskteljingar og overvakingar i ulike vassdrag i heile fjorden. Vi har botnsolid dokumentasjon på at forholda for villfisken er vanskeleg. Ein må vera blind på begge auga for ikkje å sjå dette. Den vekta aktørane bak det omtalte Hardangerfjord-notatet legg på Guddalselva si betyding åleine, er for meg uforståeleg. Heldigvis ser dei fleste aktørane i oppdrettsnæringa ut til å dra i ei anna retning enn desse, meiner Forseth.
I ein rapport om lakselus-studiar i Guddalselva for nokre år sidan brukte ein det engelske ordet «evidence», som nokon har omsett til «bevis» på norsk. (Vi har ikkje noko eige ord for «evidence» på norsk, men den mest vanlege omsettinga av «evidence» er «dokumentasjon»). Det at ordet «bevis» blei brukt meiner Forseth var uheldig, og at det har ført til at somme har gitt Guddalselva større betyding enn det den har hatt.
‒ Det er nesten berre fysikarar som snakkar om bevis i vitskapen, som elles er «proof» på engelsk, så det var uheldig at dette ordet blei oppfatta slik i denne samanhengen, som om forskinga på lakselus i Guddalselva var det endelege «beviset» på lakselus frå oppdrett sin effekt på laksefisk. Det vi derimot har, er ei lang rekkje studiar og samanfatningar frå mange ulike forskingsprosjekt rundt om i landet og verda som viser det same, altså at lakselus frå oppdrett påverkar villfisken. Det er det ingen tvil om. Men det endelege «beviset» på dette kom altså ikkje i Guddalselva, forklarer Forseth.
‒ Har merksemda rundt forskinga i Guddalselva vore skadeleg på noko vis?
‒ Ja, for her jobbar personar bevisst med å så tvil om det vi eigentleg allereie veit og har godt dokumentert gjennom botnsolide studiar som har blitt samla av ulike forskingsmiljø gjennom mange år. Derfor må vi bruka tid på å argumentera mot den alternative røynda dei prøvar å skapa, framføre å bruka tida på å finna gode løysingar på dei problemstillingane vi har, seier han.
‒ Elveeigarane viser til at den nye fisketrappa har ført til at fleire fisk har vandra opp i elva. Kan dei ha rett i det?
‒ Absolutt, og viss det er tilfellet, er det jo svært gledeleg. Men det betyr ikkje at statusen for villfisken i Hardangerfjorden generelt har endra seg, det betyr berre at den fisken som er, har fått litt ekstra hjelp til å koma seg opp i elva. Vi veit at det framleis er altfor høg dødelegheit blant villfisken som vandrar ut i sjøen i store delar av Hardangerfjorden, og det er på å løysa desse utfordringane at fokuset bør liggja, sluttar Forseth.