‒ Det skjer ei rivande utvikling innan oppdrett no, og vi har vel neppe tidlegare opplevd ein periode med så tung satsing på å gjera produksjonen meir miljøvennleg og berekraftig.

Det seier Sveinung Sandvik, opphavleg frå Fitjar, men kvinnhering sidan 1984. Før han kom hit jobba han som fylkesagronom. Han kjøpte eit gardsbruk i Mauranger, og i 1985 starta han og nokre naboar opp eit settefiskanlegg, det som ligg vegg i vegg med barneskulen i bygda, og i dag er eigd av Lerøy Sjøtroll.  Sandvik har heile tida vore dagleg leiar på anlegget, samt at han har jobba for og hatt verv i ulike oppdrettsorganisasjonar. Han vann nyleg næringa sin eigen pris, «AqKva-prisen 2018». Den fekk han for eit langvarig og breitt engasjement i og for oppdrettsnæringa. I dag er han på trappene til å pensjonera seg, men er framleis brennande engasjert i næringa sitt ve og vel.

‒ Korleis har næringa endra seg frå du starta opp i 85 og fram til i dag?

‒ Det er ei ung næring. Læringskurven har vore bratt, og mykje har endra seg. Næringa er i dag langt meir profesjonalisert enn den gongen då vi starta opp. Den har eit langt større miljøfokus, då særleg på lus- og rømmingsproblematikk, seier Sandvik.

 

Mykje som påverkar

Han seier lusemengda i merdane aldri har vore lågare, med ei lovpålagd grense på 0,5 lus per fisk, som vert nøye kontrollert av Mattilsynet. Men det høge talet på fisk gjer at det likevel vert produsert luselarver nok til at det kan bli eit problem for utvandrande villaks-smolt, legg han til. Ei viktig løysing på problematikken er ifølgje Sandvik at fleire og fleire oppdrettarar flyttar delar av produksjonen i sjøfasen, den såkalla postsmoltfasen til fisken, inn i lukka anlegg i sjø eller på land.

‒ Dette er eit viktig ledd i kampen mot lakselusa, sidan tida fisken skal opphalda seg i sjø blir forkorta med opp til eit halvt år, og ein kan brakkleggja sjø-lokaliteten eit heilt år mellom kvar produksjon. I tillegg vert det færre vertar som kan produsera luselarver. Utfordringa med anlegg på land har fram til no vore at ein har hatt trong for enorme mengder sjø som måtte pumpast opp i kara. Men no har ein ved avansert resirkulerings-teknologi kunna gjenbruka opp til 98 prosent av vatnet, forklarer han.

Han held fram at det no blir satsa milliardar berre i Hordaland på lukka anlegg.

‒ Det er avansert og kostbar teknologi. Men etter mange år med prøving og feiling ser det ut til at dette no er berekraftig også økonomisk. Det blir brukt ufatteleg store summar på desse innovative løysingane i næringa, så eg blir litt matt når eg høyrer utsegn om at næringa ikkje tar luseproblematikken på alvor.

Det siste seier han med eit stikk til enkelte villaks-aktivistar, som han meiner er nokså einsidige i sin kritikk av næringa. Sandvik likar ikkje at ein oppdrettar straks vert skulda for ansvarsfråskriving om han peikar på at det er mange årsaker til nedgangen i villaksbestanden.

‒ Kva andre årsaker tenkjer du på?

‒ Oppdrett er heilt klart éi av utfordringane, men langt frå den største og einaste. Det er mykje som påverkar livet til ein villaks. I ferskvassfasen er det kraftutbygging med for låg minstevasstand, tilslamming av elvebotnen, gytebekkar som er lagt i røyr, sur nedbør og så bortover. I sjøfasen veit vi at forholda i havet har endra seg mykje dei siste tiåra. Kvifor er til dømes sjøfuglbestanden ‒ som deler matfat med laksen ‒ så kraftig redusert i Nord-Atlanteren dei siste 50 åra? Ein må jo også undrast over at bestandane av villaks har gått meir tilbake i land som Frankrike, Spania, Irland og Nord-Irland, enn i Norge. Land som er mest utan oppdrettsindustri. Men vi i oppdrettsbransjen har sjølvsagt eit ansvar, sidan det er mogeleg for vår næring å gjera tiltak for å forbetra oss, påpeikar Sandvik.

 

‒ Har berre sett starten

Han hevdar at den største tilbakegangen for villaksen i områda våre skjedde då kraftbransjen hadde si massive utbygging på 1970-talet.

‒ I kalde periodar ser vi at elv etter elv nærast er tørrlagde. Elva i Austrepollen og Nordrepollen var før utbygginga dei viktigaste lakseelvane i området vårt. Men då eg køyrde gjennom Austrepollen i påskehelga låg elva heilt tørr. Kvifor er ikkje avisene og andre media fulle av krav om  minstevassføring i denne elva? spør Sandvik retorisk.

‒ Så det er, etter ditt syn, eit urimeleg negativt fokus på oppdrettsbransjen?

‒ Ja, men det er kanskje naturleg av fleire grunnar. Vi har sjølvsagt reelle miljø-utfordringar, men at fisket er i ferd med å endra seg frå jakt til husdyrhald i løpet av svært få år, er nok også vanskeleg å akseptera for mange. Ei utvikling som i husdyrbruket på land tok tusen år, har i havbruket gått unna på nokre tiår. Vi aksepterer at ei ku står bunden med kjetting rundt halsen, eller at ein gris går rundt i ein steril betongbinge. Men vi er ikkje vane med at ein fisk sym rundt i ein lukka merd.

Sandvik peikar på at om ein samanliknar med anna matproduksjon, så er ikkje oppdrett dårlegare på miljø. Han trur at årsaka til at oppdrettsbransjen får meir «pepar» er at den enno ikkje har blitt ein naturleg del av tradisjonane våre, slik som til dømes jordbruket.

‒ Eg har min oppvekst og bakgrunn i jordbruket, og er svært glad i den norske bonden. Eg meiner òg at norsk kjøttproduksjon truleg er den mest sunne og miljøvenlege i verda. Likevel er oppdrettsbransjen minst like berekraftig, og set eit langt mindre fotavtrykk både når det gjeld CO2-utslepp, antibiotika, arealutnytting og energibruk per kilo produsert kjøt. Éin enkel oppdrettsmerd produserer like mange kilo kjøt som heile jordbruket i Kvinnherad, om lag 800 tonn årleg. Oppdrettsfisken er òg det husdyret som utnyttar fôret best.

‒ Kvifor treng vi oppdrett?

‒ Om vi berre legg ressursutnytting til grunn, så burde vi alle ha vore vegetarianarar. Men om vi skal unna oss den luksusen det er å eta kjøt, så er kjøtproduksjon gjennom oppdrett både mest effektiv, mest berekraftig og set minst fotavtrykk per kilo kjøtt. I verda i dag vert det produsert meir fisk ved oppdrett enn ved fangst, og denne utviklinga vil berre halda fram. FAO – FN sin organisasjon for landbruk og ernæring ‒ har i lengre tid lagt vekt på at ein overgang frå fiskeri til oppdrett er heilt nødvendig for å skaffa verda nok protein i tida som kjem, seier han.

 

Han rundar av med å seia at han er stolt av eit liv i oppdrettsbransjen.

‒ Eg veit at eg har produsert sunn og berekraftig mat, i ein bransje som er verdifull for Norge, for kysten, og som heldigvis ikkje kan flyttast til Oslo eller utlandet. Bransjen har ei framtid. Blå er den nye grønfargen, og vi er berre i starten av å utnytta «den blå åkeren», sluttar han.

Reportasjeserien «Spelet om fisken»

I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».

I denne del 1 av reportasjeserien «Spelet om fisken» har vi sett nærare på oppdrettsnæringa i kommunen vår. Kva blir produsert her? Kor mange er sysselsett i næringa? Kva ringverknadar har den? Korleis er utviklinga i bransjen? Kva seier oppdrettarane sjølve?

Dei neste delane av reportasjeserien kjem på trykk følgjande datoar:

Fredag 18. mai – Del 2: Villfisk og forsking

Fredag 25. mai – Del 3: Støyen i Guddalselva