– Dette med oppdrett er ei av dei mest komplekse sakene vi har, fordi det er ei frykteleg viktig næring, og ei av dei næringane som er mest framtidsretta. Samstundes er det ikkje til å stikka under ein stol at den har sine utfordringar knytt til miljø.

Det seier ordførar Peder Sjo Slettebø. Han meiner oppdrettsnæringa er ei av dei få næringane vi i Kvinnherad har potensiale til å bli verkeleg store på.

– Næringa vil òg trengja mange kompetansearbeidsplassar i åra som kjem, og slike arbeidsplassar er uunnverlege for at vi skal kunna møta framtida som ein konkurransedyktig og attraktiv plass å bu og leva.

I tillegg peikar ordføraren på at næringa alt i dag generer mange viktige arbeidsplassar i kommunen, både direkte og gjennom binæringar.

– I tillegg kjem det mange andre ringverknadar, som til dømes det den legg igjen av kroner og øre i lokal handel, sponsing av lokale lag og så bortover.

Han viser til at næringa òg er gode på effektiv arealutnytting, altså at den produserer store mengder mat på relativt små areal.

– For dette med oppdrett har jo eit internasjonalt perspektiv. Folketalet i verda stig, og i takt med det stig behovet for matvarer, noko som denne næringa kan bidra til.

Næringsvennlege

– Trur du folketalet i Kvinnherad ville vore som i dag utan oppdrettsnæringa?

– Nei, det er høgst tvilsamt. Det er ikkje som at næringa fortrenger andre store næringar som kunne skapt like mange arbeidsplassar, så det er liten tvil om at vi treng den her. Kvinnheringane har alltid levd av havet, av skipsbygging, fiskeri og no i nyare tid havbruk òg. Det er ein fin tradisjon som eg synest vi skal halda fram med.

– Kva tilbakemeldingar får de frå oppdrettsnæringa sjølv? Meiner den kommunen er næringsvennleg, eller vanskeleg å forholda seg til?

– Inntrykket er nok at vi er næringsvennlege, at vi prøvar å leggja til rette for næringsutvikling i kommunen vår så godt det går, uansett kva næring det gjeld. No er det jo ikkje alt vi sjølve kan styra, til dømes har du dette med trafikklysordninga som set avgrensingar for oppdrettsvekst her i området på dette tidspunktet. Dette er forvalting på eit høgare nivå, og det er ikkje noko eg vil setja spørsmålsteikn ved. Dette er fagfolk som står bak, og difor noko vi må stola på og forholda oss til. Men innanfor det handlingsrommet vi har, ønskjer vi å leggja til rette for at næringar skal få utvikla seg så godt det går. Sjølvsagt ikkje for ein kvar pris, men innanfor det som er etisk og fornuftig, seier han.

Han fortel at kommunen mellom anna har fått tilbakemeldingar på at den er serviceinnstilt og offensiv, til dømes i saka om å få realisert Ænes inkubator.

– Så hender det at representantar frå ulike næringar kjem til meg og ønskjer at eg skal ta opp ting for dei på Stortinget. Eg er oppteken av å behandla næringane likt, og har vore klar på at eg gjerne hjelper til med å formidla ulike saker, sjølv om det ikkje er saker eg nødvendigvis er einig i sjølv.

Berekraft her heime

– Kommunen var nokså klare på at de ikkje kunne akseptera fylket sin kystsoneplan. Var dette på grunn av avgrensingane den set for næringa?

– Det stemmer at den gjer det, men det var ikkje først og fremst derfor vi protesterte mot den. Protestane handla om at kommunane sjølv skal ha rett til å avgjera korleis vi skal nytta arealet vårt.

– I politiske møte vert det ofte diskusjonar når de skal behandla søknadar om auka biomasse og liknande førespurnadar frå næringa. Er lokalpolitikarane splitta i synet på næringa?

– Vi ser nok kanskje litt ulikt på næringa alt etter kven vi er. Men eg trur ikkje dette er svart–kvitt, det er ikkje som om dei som er mest skeptiske ønskjer næringa vekk, eller at dei som er mest næringsvennlege ikkje bryr seg om miljøet. Det er sunt at vi har gode diskusjonar når det kjem til korleis vi skal stilla oss til slike saker, og det er viktig at politikarane har god tid til å setja seg inn i sakene på førehand, seier ordføraren.

For dette med miljøaspektet er den store uroa han har når det kjem til næringa.

– Ei av Kvinnherad sine fremste merkevarer er naturen vår, og den skal vi forvalta på ein god måte. Difor er det viktig at vi tar desse miljøutfordringane på alvor. No er det ikkje sånn at oppdrettsnæringa er den første og einaste som har sett spor. Også til dømes aluminiumsnæringa, skipsbyggjarnæringa og oljenæringa har hatt sitt å stri med opp igjennom når det kjem til miljøpåverknad. Vi menneske set spor etter oss, det er mest ikkje til å unngå. Men det som uansett er klart, det er at ein må finna gode måtar å løysa desse miljøutfordringane på. Andre næringar har klart det, og oppdrettsnæringa sjølv jobbar òg kontinuerleg med å retta opp i ting som ikkje er bra. Den har sjølv stor interesse av å løysa sine utfordringar, og står i spissen for utvikling og forsking på nettopp kva som kan bli betre, påpeikar ordføraren.

Han har òg ein del tankar om korleis næringa vil utvikla seg i framtida.

– Dette med lukka anlegg i sjø er veldig spennande, og det kjem det nok meir og meir av. Somme har tatt til ordet for å flytta alle anlegg på land, men det trur eg er urealistisk. Det ville blitt enormt arealkrevjande, samt kravd svært mykje vatn. Og så trur eg at dersom vi ikkje legg til rette for at ein kan nytta fjordane til oppdrett, så kjem vi til å mista næringa til utlandet. Det må ikkje skje. Vi må heller byggja ei næring som er miljøvenleg og såkalla berekraftig her heime. Det er slett ikkje sikkert miljøomsyn ville blitt like mykje vektlagt i andre land, sluttar han.

Reportasjeserien «Spelet om fisken»

I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».

I denne del 1 av reportasjeserien «Spelet om fisken» har vi sett nærare på oppdrettsnæringa i kommunen vår. Kva blir produsert her? Kor mange er sysselsett i næringa? Kva ringverknadar har den? Korleis er utviklinga i bransjen? Kva seier oppdrettarane sjølve?

Dei neste delane av reportasjeserien kjem på trykk følgjande datoar:

Fredag 18. mai – Del 2: Villfisk og forsking

Fredag 25. mai – Del 3: Støyen i Guddalselva