Rett utanfor halvøya Nebbo ved Bogsnes ligg Strandebarm-selskapet Lingalaks sitt førebels einaste anlegg i Kvinnherad. Selskapet deler anlegget med Fylkesnes fisk, og i kvar merd sym rundt 100.000 smolt på omlag 300 gram kvar. Desse vart sette ut i påsken, etter at anlegget har vore brakklagt i nesten eitt år.

‒ Det var i pinsa i fjor vi fekk påvist laksesjukdomen ILA (infeksiøs lakseanemi), så då var det ikkje anna å gjera enn å slakta all fisken, kasta og byta ut alt utstyret og desinfisera anlegget, fortel serviceleiar i Lingalaks, Øyvind Lernes, som er busett i Rosendal.

ILA er alvorleg og smittsam for laksen, og ved mistanke vert det kravd omgåande melding til Mattilsynet.

‒ Som menneskemat er ILA heilt ufarleg, men for laksen er den sjølvsagt svært alvorleg, og då lyt ein handla raskt, fortel han.

Oppdrettsanlegg skal liggja brakk ved jamne mellomrom sjølv der det ikkje er sjukdom, men ILA-utbrotet førte til at Lingalaks denne gongen måtte slakta fisken og brakkleggja fleire månadar før den hadde nådd ønska storleik. No er anlegget friskmeldt og splittar nye nøter er på plass, klare til å halda på dei friske, unge smoltane til dei vert laks på rundt fem-seks kilo.

 

‒ Då vert dei henta med båt og frakta til Strandebarm, der dei vert slakta ved Hardanger fiskeforedling. Derifrå går laksen ut som mat rundt om i verda, seier Lernes.

0,12 lus per fisk

Automatiske fôringsmaskinar, som vert styrt frå ein fôringssentral, syt for kontinuerleg næring til smolten, i tillegg til at driftsoperatørar går rundt og handfôrer for å sjå til optimal vekst. Men det er ikkje berre å passa på at fisken veks seg stor og frisk driftsoperatørane ved anlegget må passa på.

 

‒ Dei siste åra har det blitt svært strenge sertifikatkrav til anlegga, og dei som jobbar her skal gå over desse dagleg. Med jamne mellomrom sjekkar vi nøtene for hol ved hjelp av ein ROV, nøtene skal òg kontrollerast kvar einaste gong vi gjer ein jobb her som potensielt kan skada dei. Dette for å hindra rømming. Og dersom slikt skulle inntreffa, har vi ein beredskapsplan for å fanga inn flest mogleg fisk så fort som mogleg, forklarer Lernes.

Han legg til at dette med å hindra rømming er ekstremt viktig for selskapet.

‒ Det er jo ingen som vil mista kapitalen sin. Og rømming har då òg blitt langt mindre vanleg dei siste åra, påpeikar han.

Fisken blir jamleg «screena» for sjukdomar, og havbotnen blir tatt prøvar av for å passa på at det ikkje får hopa seg opp med slamrestar. Kontrollane blir gjort av uavhengige firma. Lingalaks eksperimenterer no med luseskjørt for å hindra lusa i å koma inn i merdane.

 

‒ Førebygging framføre behandling, seier vi. Vi har alt låge lusetal, i fjor var dei på 0,12 lus per fisk, medan målet i år er å prøva å koma ned på under 0,1 lus per fisk, seier Lernes.

Også fôret vert eksperimentert med.

‒ Nett no er det soyafôr det går i, men i selskapet prøver vi ut algefôr laga her i Norge. Vi må finna ut korleis fisken responderer før vi finn ut om det er ein suksess eller ikkje.

 

Bygdefolk og politikarar har ved fleire høve tatt til orde for å få flytta Nebbo-anlegget lenger ut i fjorden, noko òg eigarane sjølv ønskjer, seier Lernes.

‒ Vi prøvde å få denne flyttinga inn i den nye kommuneplanen, men her var det ikkje rom for å få inn særlege endringar, så vonleg får vi det til når planen skal til revisjon.

Per i dag jobbar tre lokale karar ved anlegget. Desse er Kjetil Rød, Roy Espevik og Ronny Hannisdal. Sistnemnte jobbar for Fylkesnes fisk, medan Rød og Espevik jobbar for Lingalaks.

‒ Korleis er det å jobba så tett på ein konkurrent?

‒ Du veit, vi konkurrerer eigentleg ikkje med kvarandre i oppdrettsbransjen, då etterspurnaden er så stor at alle får seld fisken sin. Det hadde vore annleis om vi måtte kjempa om marknaden. Vi samarbeider fint, vi, smiler dei.

Lingalaks har totalt rundt 44 tilsette, og omset for omlag 650 millionar kroner årleg. Nebbo-anlegget vart starta opp i 2008. Lingalaks har òg gått saman med Eide Fjordbruk om å etablera selskapet Ænes Inkubator AS, som er i planlegginga av eit settefiskanlegg på land på Ænes.

Reportasjeserien «Spelet om fisken»

I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».

I denne del 1 av reportasjeserien «Spelet om fisken» har vi sett nærare på oppdrettsnæringa i kommunen vår. Kva blir produsert her? Kor mange er sysselsett i næringa? Kva ringverknadar har den? Korleis er utviklinga i bransjen? Kva seier oppdrettarane sjølve?

Dei neste delane av reportasjeserien kjem på trykk følgjande datoar:

Fredag 18. mai – Del 2: Villfisk og forsking

Fredag 25. mai – Del 3: Støyen i Guddalselva