Avsluttingsvis i denne serien har vi spurt Nærings- og fiskeridepartementet korleis det ser på framtida til oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden. Statssekretær Roy Angelvik i departementet har svart i ein e-post. Innleiingsvis får vi forklart korleis trafikklyssystemet fungerer. Per i dag er Hardangerfjorden under raudt lys.

«Trafikklyssystemet er lagt opp slik at næringa sin påverknad på ville laksebestandar blir vurdert i kvart produksjonsområde. Ein ser då på den samla påverknaden på alle dei villaks-populasjonane som høyrer heime i dette området. Er påverknaden akseptabel (grønt lys) bør produksjonskapasiteten aukast, er påverknaden moderat (gult lys) bør kapasiteten haldast på same nivå, er påverknaden uakseptabel (raudt lys) bør kapasiteten reduserast. Styresmaktene får faglege råd frå ei breitt samansett gruppe ekspertar som vurderer korleis lakselus frå oppdrettsanlegga i dei einskilde områda påverkar villaksen samla sett i det same området. Rådet er basert på all tilgjengeleg kunnskap som er tilgjengeleg på tidspunktet for vurderinga. Fargelegginga av produksjonsområda skal gjerast anna kvart år. Dette vil gje næringa tid til å gjera endringar i drifta si som fører til ei lågare belastning på dei ville laksebestandane. Lukkast dei, kan dei  gå frå raudt til grønt og dermed få høve til å veksa», forklarer Angelvik.

Han held fram:

«Eg veit at oppdrettarane i Hardangerfjorden tek miljøpåverknad på alvor og har jobba for å redusera denne i lang tid. Det gler meg at fleire seier at dei no vil jobba hardt for at det skal lysa grønt i 2019».

Trafikklysordninga erstattar § 37a i laksetildelingsforskrifta, populært kalla «Hardangerfjordforskriften». Den blei vedteken under Stoltenberg-II-regjeringa for å stansa vidare auke av biomasse i Hardangerfjorden, for å hindra at viltlevande laksefisk i området blei utsett for eit uakseptabelt høgt smittepress av lus.

«Dette er det same omsynet som trafikklyssystemet tar, og det har derfor heile tida vore intensjonen å oppheva denne føresegna når trafikklyssystemet tredde i kraft. Dette har blitt kommunisert frå departementet. Føresegna blei følgjeleg oppheva 15. oktober 2017. Situasjonen for oppdrettarane i Hardangerfjorden er dermed at dei kan vurderast for vekst på tillating på lik linje som oppdrettarar i resten av landet», forklarar Angelvik.

Reportasjeserien «Spelet om fisken»

I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien i tre delar har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».

Denne artikkelen du les no er tredje og siste del av reportasjeserien.

Her kan du lesar alle artiklane frå dei tre delane i reportasjeserien.