I samband med folkemøtet i Rosendal 20. september fekk vi høyre kreftramma og deira pårørande fortelje om manglande oppfølging frå kommunen. I møtet kom det fram at det mykje bra blir gjort i kreftomsorga i Kvinnherad, men det kom også fram mange eksempel på korleis Kvinnherad kommune ikkje har lukkast med å møte behova til kreftramma.

Ein 100% kreftkoordinator med spesialkompetanse frå kreftomsorg vil vere eit bidrag til å gi kreftramma og deira pårørande ei meir komplett teneste. I folkemøtet fekk vi også høyre politikarar som presiserte viktigheita av eit slikt tilbod. Det er derfor med stor skuffelse at vi konstaterer at budsjettforslaget som skal behandlast no, ikkje følger opp dette.

Derfor ønsker Kreftforeningen å gjere ei siste oppmoding til dykk som faktisk sit med hovudansvaret før de vedtar budsjett: Løft kreftomsorga til det nivået som trengst! Når ambisjonen i budsjettet er at kreftomsorg skal prioriterast, må det også gjenspeglast i ressursar som blir brukte. Det er behov for ein 100% kreftkoordinator med kreftsjukepleiarkompetanse. Dette vil også vere viktig for implementeringa av «pakkeforløp heim» for kreftpasientar.

Vi ber politikarane i Kvinnherad lytte til behova til innbyggarane som har hatt skoen på og har erfart på kroppen korleis det er å vere kreftpasient og prøve å komma tilbake til livet i deira kommune. Kreftforeningen vil gjerne bistå dykk i arbeidet viss vi kan, og kan ha eit møte eller senda over mer informasjon om det er ønskjeleg.

Kreftforeningen

Geir Vangsnes

Distriktsleder