Gå til sidens hovedinnhold

Opphevar totalforbodet mot open eld

Men det generelle bålforbodet gjeld framleis.

Torsdag førre veke innførte brannsjefen i Kvinnherad totalforbod mot å gjera opp open eld i kommunen.

Ein hovudgrunn for det var redusert kapasitet, mellom anna med skogbrannhelikopter som alt var i full sving med storbrannen på Sotra.

Måndag melder Kvinnherad brann og redning på si Facebook-side at dette vedtaket no er oppheva, men legg til viktig informasjon:

– Det generelle bålforbodet er gjeldande, og skogbrannfaren i regionen er sett til gult nivå. Vi ber alle om å vera forsiktige med open eld. Behov for førebyggande tiltak og beredskap blir vurdert fortløpande, og vi ber om at ein følger med på eventuelle oppdateringar som kjem, skriv dei.

Les også

Bålbrennar fekk brannvesenet på besøk: – Om ein har følgt med på nyheitene i det siste, kan ein sjå kor gale det kan gå

Kommentarer til denne saken