OSLO: Førre veke møtte Naturvernforbundet politisk leiing i Klima- og miljødepartementet og ba regjeringa seia nei til utbygging av Hellandsvassdraget på Husnes, samt Garbergelva i Trøndelag og Oterholtfossen i Telemark.

10. januar gav NVE løyve til å byggja Onarheim kraftverk i Hellandselva. Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag, Naturvernforbundet Kvinnherad og FNF Hordaland har klaga på vedtaket på bakgrunn av store naturverdiar og at området er flittig brukt til turar og friluftsliv.