Gå til sidens hovedinnhold

Oppmoding frå kommunen: – Møt til vaksinetimen din!

Kvinnherad kommune melder om lange køar på vaksinetelefonen frå innbyggjarar som ønskjer å endra på vaksinetimen sin.

Kommunen la måndag ut følgjande melding på Facebook-sida si:

«Denne veka er det opna for at alle innbyggjarar over 18 år kan registrera seg for vaksinering. Du loggar deg på med Bank ID på https://timebestilling.remin.no/ og bestiller time. All vaksinering skjer torsdagar på Husnes og/eller i Rosendal. Det er per dags dato fleire ledige timar i Rosendal denne veka, og nokre få på Husnes. Dersom du av ulike årsaker loggar deg på og ikkje får bestilt, er du truleg ikkje registrert i Remin-systemet. Då må du ta kontakt med vaksinetelefonen til kommunen».

Kommunen opplyser elles at vaksinetelefonen, som er open mellom klokka 8 og 10 og 13 og 14.30, kvar dag har lang kø fordi svært mange innbyggjarar ynskjer å endra timane sine, både når det gjeld tid og stad. Nokre ønskjer å endra kort tid før vaksinetimen, andre lét berre vera å møta opp.

«Det er veldig viktig at innbyggjarar møter til avtalt time, slik at det vert god flyt og framdrift i vaksineringsarbeidet og dosar ikkje går til spille. Avbestillingar og endringar fører til lange køar på vaksinetelefonen kvar dag, og også til utfordringar med logistikk på vaksinestadane våre.

For deg som har fått avsett time for andre vaksinasjon, oppmodar kommunen sterkt om at du møter opp til avtalt tid. Det ligg mykje logistikk i intervallet mellom første og andre dose. Det går no 12 veker mellom første og andre dose, og dersom du veit at dette ikkje vil passa, må du melda i frå til vaksinepersonalet som er til stades når du får den første vaksinedosen.».

Annan viktig informasjon er at korona-test frå 19. juli skjer via avtale med dei lokale helsesentra – ikkje via korona/vaksinetelefon. Dette er på grunn ferieavvikling, skriv kommunen.

Kommentarer til denne saken