Opposisjonen på Stortinget stoppar domstolsreforma

Består: Sunnhordland tingrett. (Arkivfoto).

Består: Sunnhordland tingrett. (Arkivfoto).

Eit opposisjonsfleirtal på Stortinget går mot domstolsreforma og vil med det sikra at Sunnhordland og Hardanger tingrett vert oppretthaldne.

DEL

Dette går fram av ei pressemelding frå stortingsgruppene til Ap, SV, Sp og Frp sendt ut tysdag føremiddag:

«Ap, SV, Sp og Frp varsler med dette at vi går imot regjeringens forslag til reduserte rettskretser for landets domstoler, og dermed vil sørge for å redde de selvstendige tingretter og jordskifteretter over hele landet. Vi ber regjeringen om ikke å gjennomføre de planlagte strukturendringene mot stortingsflertallets vilje».

Som kjent har regjeringa tidlegare varsla at tingrettane sine rettstadar skulle bestå, samstundes som den sende eit forslag om å redusera dagens rettskrinsar frå 60 til 22 på høyring.

«Vi mener det ville betydd en svært usikker framtid for våre domstoler rundt om i landet», heiter det i pressemeldinga.

Når regjeringa ein gong i juni kjem til Stortinget med forslag om endringar, vil dei nemnde partia stemma imot og fremja eigne forslag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken