Gå til sidens hovedinnhold

«Oppretthald støtta til Baroniet Rosendal»

MEININGAR

Baroniet Rosendal har lagt bak seg eit utfordrande år der korona-pandemien gjorde at alt av opne kulturarrangement vart avlyst. Likevel besøkte svært mange parkanlegget, og det vart også gjennomført ein konsert i Riddersalen som i sin heilskap vart sendt på NRK TV i beste sendetid. Gjennom dette fekk Kvinnherad ei gratis marknadsføring, truleg verdt like mykje som den kommunale støtta utgjer. I lys av dette er det merkeleg at kommunen no føreslår å kutta støtta til denne særeigne kulturinstitusjonen kraftig, og det mest alvorlege er at det foreslåtte kuttet fort kan føra til at også fylkeskommunen og staten reduserer si støtte. Reiselivet og kultursektoren er mellom næringane som er blitt spesielt hardt råka av korona-pandemien, og i Kvinnherad er desse næringane spesielt avhengige av aktiviteten ved Baroniet Rosendal. Mindre aktivitet her vil såleis også fort gi redusert verdiskaping for heile reiselivsnæringa, butikkar m.m. og gjennom dette reduserte inntekter til kommunen.

Det Baroniet Rosendal har fått til er imponerande, og Anne Grethe Honerød og Reidar Nedrebø har gjort ein strålande jobb over fleire tiår. Landets einaste baroni er blitt til eit levande museum med konsertar, teater, kunstutstillingar, føredrag, kafé og overnatting. Dette er kulturbasert næringsutvikling på sitt beste, og dagens vertskap fortener stor ros for at dei har klart å etablera eit driftskonsept som er langt mindre avhengig av offentlege tilskot enn tilsvarande norske museum og kulturinstitusjonar.

I motsetnad til dei aller fleste kulturinstitusjonane i landet, representerer den offentlege støtta til Baroniet Rosendal berre ein liten del av inntektene. Det er den kommersielle drifta og private midlar som er berebjelken i drifta. Utan rause pengegåver frå lokale bedrifter, Bara Gruppen v/Knut Galtung Døsvig og Trond Mohn, ville Baroniet Rosendal ikkje klart å oppretthalda dagens aktivitetsnivå. Det er godt vi har gode vener i Bergen som trør til når det offentlege sviktar. Det å ta vare på viktige kulturminne er ikkje noko verdas rikaste land har grunn til å vera spesielt stolt av.

Dei offentlege bidraga til Baroniet Rosendal har heldigvis auka dei siste åra, noko vår tidlegare ordførar Peder Sjo Slettebø skal ha sin del av æra for. Dei offentlege bidraga utgjer imidlertid framleis ikkje meir enn rundt 20 % av budsjettet, og står ikkje på nokon som helst måte i forhold til verdiskapinga denne kulturinstitusjonen representerer. Ikkje berre for Kvinnherad, men for heile Folgefonnhalvøya. I tillegg har merkenamnet Baroniet Rosendal ein stor verdi i samband med marknadsføringa av kommunen, og her får Kvinnherad svært mykje gratis reklame både lokalt, regionalt og nasjonalt.

No er det viktigare enn nokon gong at både kulturministeren, Hordaland fylkeskommune og Kvinnherad kommune tar nødvendige grep, og sørgjer for at Baroniet Rosendal i det minste opprettheld dagens statlege midlar til drift, vedlikehald og naudsynt fornying. Kvinnherad har eit spesielt ansvar her, og som vertskommune sender ein ut heilt feil signal til staten og fylkeskommunen når ein føreslår å kutta støtta med kr 800.000. Ja, kommunen sin økonomiske situasjon er alvorleg, men vi løyser ikkje utfordringane med å kutta i støtta til næringsaktørar som bidreg til verdiskaping, aktivitet og framtidstru.

Knut Førland

Kommentarer til denne saken