Politiet ber folk vera varsame på isen

Å gå på isen på Opsangervatnet kan vera skummelt, og fredag kveld blei fleire ungdommar observert. (Foto: Geir Remme/Kvinnherad ungdomssenter).

Å gå på isen på Opsangervatnet kan vera skummelt, og fredag kveld blei fleire ungdommar observert. (Foto: Geir Remme/Kvinnherad ungdomssenter).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fredag kveld fekk politiet inn ei bekymringsmelding frå Kvinnherad ungdomssenter, om fleire ungdommar som blei observert på isen på Opsangervatnet.

– Politiet har ingen ansvar for å driva med godkjenning eller sjekk av isen og om den er trygg, og det er heller ingen andre som har overordna ansvar for det. Oppmodinga blir derfor at kvar og ein må vera forsiktige, og at foreldre må snakka med ungane og ungdommane sine og åtvara dei om at det kan vera utrygt å gå på isen, seier lensmann Sigurd Børve.

Kvinnherad ungdomssenter la også ut ei åtvaring på Facebook-sida si, og bad foreldre følgja med.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags