Dette kan bli det nye namnet på Opsangervegen

JONAS LIE-PARKEN: Det er namnet rådmannen har føreslege til formannskapet neste veke.

JONAS LIE-PARKEN: Det er namnet rådmannen har føreslege til formannskapet neste veke. Foto:

Rådmannen har føreslege eit nytt namn til Opsangervegen. Det skal formannskapet ta stilling til neste veke.

DEL

«Jonas Lie-parken», er namnet rådmannen har velt ut av 184 innsendte forslag. Namnet skal gjelda frå Rundkøyringa ved Circle K, til det søre krysset ved Opsangervegen opp til Sentrumsvegen. Arealet omfattar store delar av parken ved Opsangervatnet, og tek med dei opne uteområda ved Kvinnherad kulturskule og Kulturhuset Husnes. Det utgjer rundt 40 dekar og inkluderer trappene ned frå Torgplassen, arealet mellom bygningane på staden, ein bit av Opsangervegen på 500 meter, samt det nye og gamle parkelementet ved Opsangervatnet.

Difor falt valet på Jonas Lie-parken

Rådmannen grunngir valet med at Lie var ein av dei «fire store» norske forfattarane, og hadde i tidlege år bustad på Husnes. Vidare står det at han i vaksen alder hadde sterke band til området, og fridde blant anna til kona på Rundeholmen i Opsangervatnet. Han er òg heidra med ei støtte i parken, og mange av dei innsendte namneforslaga trekk fram Jonas Lie.

69 personar vil ha Opsangervegen

Av dei innsendte forslaga er det 69 personar som har ønska å behalda namnet slik det er i dag, eller om lag det same – Opsangervegen eller Opsangergata. Rundt 30 personar har tatt utgangspunkt i personnamn, der rundt 20 har føreslege ulike variantar av «Jonas Lie». Fire føreslår Aksel Klosterveg, eller variantar av det. Elles er Erling Skorve, Eugene Keppler, Hoelfeldt Lund, Ragnvald Vaage, Geir Jacobsen, Tjerand Lunde og Thomasine (kona til Jonas Lie) føreslege.

Ni personar har teke utgangspunkt i stadnamnet Husnes. Elles er det føreslege namn som Den Kvite Svane, Solstripo, Kremjegata, Alugata, Raggevegen, Bedringens vei, Framtidsvegen og Kosta nok.

Skal på høyring

Viss formannskapet går inn for rådmannen si innstilling skal saka til høyring. Der kan det også vera fleire alternative namn med. Høyringsfristen vil vera på to månadar, og vil først og fremst vera knytt til skrivemåten av namna. Når det gjeld val av namn er det ikkje lovfesta noko eiga høyringsrunde. Viss det ikkje blir Jonas Lie-parken rådar rådmannen til å velja «Parkvegen».

Artikkeltags