No er det forkøyrsveg og 40-sone på Opsangervegen

Øyvind Hardeland (t.v.) og Øystein Tofte var måndag morgon i gang med å byta ut 30-skilta langs Opsangervegen. (Foto: Håvard Røyrvik).

Øyvind Hardeland (t.v.) og Øystein Tofte var måndag morgon i gang med å byta ut 30-skilta langs Opsangervegen. (Foto: Håvard Røyrvik).

Mange har irritert seg over fartsgrensa og høgreregelen på Opsangervegen. Måndag gjorde kommunen endringar som truleg vil gleda fleire bilistar.

DEL

Det blei mykje rabalder og skriveri då det blei innført ei fartsgrense på 30 kilometer i timen og høgreregel på den nye Opsangervegen. Førre veke hadde UP kontroll på strekkja, og 13 bilistar fekk førelegg for å ha køyrt for fort. Fleire lag og organisasjonar ytra misnøye, blant anna trafikksikringsgruppa i Kvinnherad (representantar frå Amcar Kvinnherad, NAF Kvinnherad, Kvinnherad Motorsykkelklubb, Kvinnherad Motorsportklubb og Husnes Trafikkskule) og Husnes Vekst. I ein interpellasjon i kommunestyret i oktober føreslo politikar Kai Morten Torget (FrP) å endra til 40-sone og forkøyrsveg. No er dei blitt høyrde, for måndag sette mannskap frå kommunen opp nye skilt.

– Det er Rådmannen som har teke avgjersla, det ligg ingen politiske vedtak bak dette. Men då det blei stilt spørsmål om dette i kommunestyret lova ordføraren at vi skulle sjå nærmare på dette, og det har vi gjort, seier sektorleiar i kommunen, Sigbjørn Øye.

Han fortel at då dei blei laga reguleringsplan for Opsangervegen for nokre år sidan, blei det sagt i planomtalen at den sentrale delen av vegen skulle vera ei såkalla «miljøgate» med fartsreduserande tiltak. Ein ønskte òg å redusera trafikken gjennom Opsangervegen.

– Men så er det ikkje alltid teori og praksis stemmer overeins. Folk har alltid køyrt gjennom Opsangervegen, fordi det er ei bein og oversiktleg vegstrekkje.

Når kommunen no innfører 40-sone på Opsangervegen, meiner ein at intensjonen med å trygga dei mjuke trafikantane i området er godt ivareteke, også fordi det er fartsdumpar på strekkja.

– Fartsgrensa kan diskuterast, folk hadde nok lært seg å køyra i 30 til slutt. Men 50-sone var uaktuelt, så 40-sone er eit kompromiss. No håpar vi verkeleg bilistane held fartsgrensa.

Når det gjeld forkøyrsveg er ikkje Øye i tvil:

– Det var ein glipp å innføra høgreregel på eit så lite parti av Opsangervegen. Det verkar kunstig og unaturleg, og kan skapa trafikkfarlege situasjonar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags