Opsangervegen blir Pubgata

Arne Torget vart strålande nøgd då han denne helga fekk servert nyhendet om at han hadde vunne namnekonkurransen. Foto: Håvard Røyrvik.

Arne Torget vart strålande nøgd då han denne helga fekk servert nyhendet om at han hadde vunne namnekonkurransen. Foto: Håvard Røyrvik.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

OPPDATERT: Dette var ikkje noko anna enn ein aprilspøk, og sjølvsagt med tillating frå dei siterte partar. Opsangervegen er enn så lenge Opsangervegen.

Vi vil takka alle som har sendt inn forslag til konkurransen. Vi har fått totalt 187 forslag, og ein jury har enda på at Pubgata er det beste namnet på det som før var Opsangervegen.

Det var Arne Torget som kom med forslaget om Pubgata, og Peder Sjo Slettebø var av dei som fall for dette namnet.

Juryen som har valt ut namnet har bestått av Peder Sjo Slettebø, Knut Johannes Helvik, Otto Blokhus, Bergljot Bruåsdal Hesvik og Mona Grønningen.

– Vi hadde mange gode diskusjonar i gruppa, og ramla til slutt ned på Pubgata. Det var eit par som ikkje syntest dette var passande, og at vi burde halde på det gamle namnet, men slik blir det ikkje, seier juryleiar Peder Sjo Slettebø til Kvinnheringen.

Han forklarar namnevalet med at Opsangervegen har hatt uteplassar svært lenge. Den mest kjende var nok den folk kjenner som «puben», men og Vift, Capri, Husnes kro & vertshus, og no har vi har Gry Helges og 5460.

– No håpar vi det igjen skal bløma med fleire utestadar i denne gata, og då passa Arne Torget sitt forslag veldig bra, forklarar Slettebø.

Han har sjølv frekventert fleire av utestadane i området og tykkjer det er ei god og flott gate for uteliv.

– Vi drøymer om å få ein slags mini-Bryggen her i området. No har vi fått ny flott veg, og det er ein liten draum å få bygd ein liten restaurant med pub på nedsida av Pubgata, heilt ned mot Opsangervatnet. Om det er nokon som ser for seg at dei vil investera her, vil kommunen vera hjelpsame med grunn, seier Slettebø.

– Det er mange kvinnheringar som har blitt til her

Vinnaren av namnekonkurransen, Arne Torget, er strålande glad for sigeren, og meiner at dette allereie er eit godt innarbeidd namn.

– Det klinger godt, og for kvinnheringar i min generasjon, har «puben» vore ein kulturell institusjon, seier Torget.

Torget mimrar tilbake og fortel om korleis fleire par frå både indre og utre luten har blitt spleisa på dette samlingspunktet, i det som er den nye Pubgata.

– Takka vera puben er det mange Kvinnheringar som har blitt til her. Det var fullt hus kvar einaste helg, året gjennom. Ungdom frå heile kommunen kom i saman her. Det var jo eit samlingspunkt!

Torget seier også at det er mange som saknar ein slik institusjon, og at dette namnet er heilt på sin plass. No håpar han at denne gata kan bli ein samlingsplass igjen for framtidige generasjonar. Torget synest også det er fantastisk om kommunen kan vera med på spleiselag, slik at dei kanskje kan få til ein uteplass ned mot vatnet.

– Det hadde vore fantastisk med ei uteservering, ein utescene, og kanskje eit uteteater. «Pubteatret» kunne vi ha kalla det! Der kunne vi dramatisert forhistoria om min generasjon, seier Torget.

Diktaren legg til at han er veldig takknemleg for at han vann, og at dei som har levd ei stund blir høyrt.

– No håpar eg dette kan vera ein inspirasjon, og at nye generasjonar kan få oppleva den stemninga vi hadde på «puben» då vi vaks opp.

Artikkeltags