Ordførar Hans Inge Myrvold får kritikk av naboane: – Han bør tenka seg om
Artikkelen er over 2 år gammel
Ordførarane på Stord og Tysnes fryktar at Hordfast (bilde) skal bli utsett eller skrinlagt. Dei er overraska over debatten som har reist seg i Kvinnherad. – Vi må sikra at noko skjer innanfor dei rammene staten gir, svarar Kvinnherad-ordførar Hans Inge Myrvold.