16-åringane Maud Celia Tveitnes Førland og Sol Skeie på KVV kritiserer kommunen for å vera for defensive.

Tysdag gjekk beredskapsgruppa til kommunen ut med ei spesiell anbefaling retta mot elevar på ungdomsskulane og KVV, om at dei bør bruka munnbind på skulebussane.

Elevane skal få utdelt gratis munnbind dei neste to vekene på den skulen dei går på. Beredskapsgruppa ber om at føresette oppmodar barna sine om å bruka munnbind dei komande vekene, og skriv også at vaksne som tek bussen i lag med skuleelevane bør bruka munnbind dei næraste to vekene.

Påbod er inngripande

– Vi følgjer først og fremst dei nasjonale råda til FHI (Folkehelseinstituttet), og ved å gå ut og anbefala munnbind går vi eigentleg lenger enn FHI gjer med tanke på smittetrykket vi har i Kvinnherad no. Vi har ikkje det same smittetrykket som i Oslo og Bergen der det er slike påbod, seier kommuneoverlege Glenn A. Opland.

Han fortel at eit eventuelt påbod, og straff for å bryta dette, fører til større belastning for politiet som skal følgja dette opp.

– Vi må vera forsiktige med påbod når det ikkje er god nok grunn til det. Folk kan bli leie av tiltaka, og kjenna på at det er for store inngrep i liva sine. Men dette er jo ei fortløpande vurdering vi tar, og viss smitteutviklinga tilseier det seinare, kan det bli aktuelt med påbod som eit tiltak for å få ned smitten, seier kommuneoverlegen.

Kan kontaktast

Maud Celia Tveitnes Førland seier ho har sendt melding til kommuneoverlegen utan å få svar.

– Eg kan ikkje hugsa at eg har fått ein førespurnad frå henne, men eg prøver så godt eg kan å svara på spørsmål eller førespurnader eg får frå innbyggjarane, seier Opland.

Han fortel elles at arbeidspresset til tider er stort, med smittesporing og oppfølging av smittetilfella vi har i kommunen. Han får svært mange spørsmål frå innbyggjarar.

– Eg synest det er bra at folk er engasjerte, og vil det skal vera rom for å kontakta meg. Men det beste er nok å senda meg ein e-post, så skal eg prøva å svara når eg har ledig tid.

Ordføraren svarar på kritikken

Hans Inge Myrvold seier til Kvinnheringen tysdag at han tar alle førespurnader han får som ordførar seriøst.

– Det er uheldig om jentene føler dei ikkje er blitt tekne på alvor. Eg prøver alltid å svara så godt eg kan. I dette tilfelle på ståande fot i ein SMS i etterkant av pressekonferansen fredag. Eg fekk svar der dei takka for godt og raskt svar, så dette er litt overraskande, seier Myrvold til Kvinnheringen om kritikken frå KVV-elevane Maud Celia og Sol.

– Eg kan forsikra dei om at vi tar innspela deira på fulle alvor, seier Myrvold, og viser elles til kommune sine nye anbefalingar om munnbind på kollektivtransport i Kvinnherad.