Høgre-styret peika ut Leif Sverre Enes som ny ordførarkandidat

Høgreveteran Leif Sverre Enes. (Arkivfoto).

Høgreveteran Leif Sverre Enes. (Arkivfoto).

I eit styremøte i Kvinnherad Høgre onsdag kveld, samla eit samrøystes styre seg om Leif Sverre Enes som ny ordførarkandidat.

DEL

Kvinnherad Høgre sin opphavlege ordførarkandidat, Peder Sjo Slettebø, trekte seg som kjent førre veke. No seglar altså nummer to på høgrelista, Leif Sverre Enes, opp som ny ordførarkandidat.

– Dette er eit forslag frå styret som må leggjast fram på medlemsmøtet som vil bli halde torsdag 20. juni, i forkant av gruppemøtet før kommunestyremøtet, forklarar leiar i Kvinnherad Høgre, Erlingur Nielsson.

Han opplyser at styret i kveld bestod av dei faste fem styremedlemene som er valde av årsmøtet, samt ein representant frå Kvinnherad unge Høgre og ein representant frå det lokale senior-Høgre. Vanlegvis er også ordførar og gruppeleiar (Leif Sverre Enes) med på styremøta, men slik var det naturleg nok ikkje denne gongen.

– Dette var ei enkel sak å samlast om – Enes er som kjent vår nummer to på lista, seier Nielsson.




Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags