«At folket verken trur på politikarar eller juristar kan eg godt forstå»

Av
DEL

MEININGAREg veit ikkje heilt om eg skal le eller grina. Me har i det politiske bildet hatt ein tøff vår i Kvinnherad. Der ein vil gjera om Fjelberg Kraftlag til eit AS for at det skal kunna fusjonera med Haugaland Kraft. Der dei som eig aksjar der er blitt lova store summar av styret der det sit ein advokat ved roret. Der eit mindretal blei snakka nedsetjande om fordi dei meinte det blei lova for mykje. No viser det seg at det ikkje er så enkelt som det har vore framstilt frå styreleiaren.

Det har i nokre år vert snakka om at avisa Kvinnheringen har ei særs lite kritisk røyst til det som ordføraren og hans allierte føretar seg. Mykje flotte bilde og fin omtale og glamour for den minste vegopning eller busskur. Og det er flott at ordføraren engasjerer seg «personleg» og får fortgang på ting med å ta eigne avgjersler, men demokratisk er det ikkje.

I den tidlegare «rådmannsaka» har sågar «kommunen sin advokat» gått til verbalt angrep på varaordføraren (som etter mitt skjønn òg er arbeidsgivaren til advokaten på den tida), for å forsvara ordføraren.

Me har nett hatt saka om å selja nettdelen av Kvinnherad Energi, der eg sit att med ei kjensle av at ein endrar reglane i spelet så dei passar til det ein vil oppnå. (à la 5-åringar som speler Ludo før dei klarer å lesa reglane). Der posisjonen sitt syn fremja av advokat blir dekka av kommunekassen, medan opposisjonen må gå til innsamling for å få dekka sine advokatutgifter.

Mange røyster har hevda at det er noko som ikkje ser så bra ut med tanke på at me alle veit at dei er ein «gutegjeng» som pleier å dra på tur i lag, festa i lag osb. Det er ikkje lett å vera frå Kvinnherad og ikkje vera venn med eller kjenna nokon ein må forholda seg til på mange plan.

Men: Når denne gutegjengen drar på tur og harselerer med (putta inn i fotball-kontekst på eit fb-innlegg) «...kom vi etter ei samla vurdering til at vi med 2/3-fleirtal går inn for...», «mindretalet har snakka med fleire juristar som er usamde i prosessen» og «her er det starta ei innsamling for ei alternativ vurdering, som gir eit meir korrekt og sannferdig bilete av røystinga som var korrupt» og legg det ut på nett, då kjenner eg at alle dei mistankane eg nokon gong har eigd om at ting ikkje er som dei skal, blir styrkte av dette. Peder skal liksom vera ein ordførar for alle, og ikkje berre sine allierte. (Eit råd eg sjølv har fått og som ikkje er så dumt: Ta for all del polvottane på når det kjem nok øl/vin i glaset.)

Eg trudde aldri eg skulle seia meg samd med Arne Gjerde sine uttalar om at demokratiet er i fare, men det gjer eg no. Eg blir rett og slett flau. At folket verken trur på politikarar eller juristar kan eg godt forstå.

Wivian Markhus

Artikkeltags