Før jul bad kommunestyret ordføraren skriva eit brev til statsministeren for å be han ta grep for å hjelpa innbyggjarane i Kvinnherad og resten av landet i høve til dei høge straumprisane. Det har ho no gjort.

«Kommunestyret vil oppmoda regjeringa om å komma med konkrete tiltak og direkte hjelp i form av økonomisk støtte slik at vanlege folk kan komma seg gjennom vinteren utan å frysa og utan å komma i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon på grunn av dei uventa høge prisane vi har denne hausten og vinteren. Vi er glade over at regjeringa har sett i verk ytterlegare tiltak, i dagens situasjon og med store delar av vinteren og lange kuldeperiodar framfor oss er vi fornøgde med at dei ordningane som er på plass i større grad vil vera til hjelp for dei som har det vanskeleg enn det som låg i den første «pakken»», skriv ordførar Hilde Enstad til statsminister og partifelle Jonas Gahr Støre.

– Sjå heile Norge

Ho kjem òg inn på at det er viktig at det kjem grep som gjer det interessant og mogleg for folk å redusera straumforbruket framover, samt at ho tar opp problemstillinga kring frivilligheita som lir under høge straumprisar. Så kjem ordføraren inn på det lokalet næringslivet sin situasjon.

«Det lokale næringslivet er særs bekymra. Medan privatmarknaden har fått lovnad om kompensasjon står næringslivet og ventar på ei ordning som kan ivareta dei. Bedriftene våre her i Kvinnherad vert òg råka av situasjonen (...)».

Enstad peikar mellom anna på at Selstad AS, Fredheim Gartneri og Brødrene Hjønnevåg er tre heilt ulike, men viktige lokale bedrifter som rapporterer om at dei slit med dei høge prisane. Ho åtvarar om fare for permitteringar og i verste fall nedleggingar for lokale bedrifter dersom det ikkje kjem ei kompensasjonsordning for næringslivet.

«Straum og straumprisar, miljøvenleg produksjon, er ein av føremonene for norsk næringsliv. At desse kan greia seg er avgjerande for oppslutninga om det grøne skiftet. Kommunestyret i Kvinnherad ber regjeringa ivareta heilskapen og sjå heile Norge med folk, næringsliv og frivilligheita, og sørga for ein god, trygg vinter for alle, særleg no når det er vanskeleg. Det er då vi treng ei sterk og raus regjering som ser oss og møter oss med dei verkemidlane de har i verktøykassa dykkar (...), skriv Enstad til Støre.

Storforbrukarar

I NRK Nyhetsmorgen fredag vart det òg problematisert at straumkrisa råkar små og mellomstore bedrifter ekstra hardt, og at derfor no stadig fleire bedrifter krev straumstøtte frå regjeringa. Kommunikasjonssjef Joachim Dagenborg i SMB Norge, ein interesseorganisasjon for små og mellomstore bedrifter, uttalar til NRK at dei støttar kravet og har teke problemstillinga opp med regjeringa fleire gongar. Han seier at straumprisane er ei stor utfordring for bedrifter som allereie er sterkt prega av nedstengingar, og at det er heilt openbert at auken i straumprisar kan framskunda konkursar.

Før jul skreiv Kvinnheringen om Fredheim gartneri som kjende på kva utfordringar aukande straumprisar gav.

Nor Tekstil si avdeling på Valen er også av dei som brukar mykje straum i sitt daglege virke. Driftssjef Roy Arne Jensen stiller seg bak at det bør komma ein straumpakke også til bedrifter.

– Vi vert påverka av høge straumprisar som store straumforbrukarar, så slik prisane er no er det klart vi får store kostnadar ved dette. Vi er ein del av Nor Tekstil-konsernet, som er det største vaskerikonsernet i landet i dag, og det er klart at straumprisane har mykje å seia ikkje berre for oss lokalt, men for konsernet totalt sett, som er storforbrukarar av straum, seier Jensen til Kvinnheringen.

Økonomisjef i Selstad-konsernet, Petter Oksholen, seier dette:

– Selstad er som mange bedrifter opptekne av at straumprisane normaliserer seg på eit meir fornuftig nivå. Vi håpar derfor sjølvsagt at prisane vil bli reduserte, slik at ein opprettheld konkurranseevna til norsk industri.