Den årlege ringedugnaden for TV-aksjonen er i gang. I dag er ordførar Hans Inge Myrvold i lokala til Kvinnherad Næringsservice på Husnes for å ringa rundt til ulike bedrifter. Med seg har han Hege Lægreid Røssland, som også representerer kommunen, Daniel Haugland frå Tysnes Sparebank som representerer ei bedrift, samt Ellinor Rein, Synnøve Handeland og Kristine Røyrvik, som alle representerer styret i Kvinnherad Næringsservice.

– Vi prøvar å ringa så mange bedrifter som mogleg, små som store, fortel Myrvold, som sjølv har ringt eit titals bedrifter halvvegs inn i dugnaden.

– Kva reaksjonar får de?

– Dei aller fleste er positive, og mange vil bidra. Ikkje alle kan ta det på sparket, då dei har eit styre dei må forholda seg til. Men mange viser vilje til å gi, ja, fortel Røssland.

Handeland legg til at dersom det er nokon bedrifter som ikkje høyrer frå ringedugnaden, er dei likevel høgst velkomne til å bidra.

– Ta gjerne kontakt med oss. Vi synest jo det er veldig stas dersom gåvene blir registrert på kommunen vår, smiler gjengen.