Fredag heldt ordføraren pressekonferanse på rådhuset i Rosendal saman med kommuneoverlege Glenn André Opland og kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik. Der blei det stadfesta at Kvinnherad til saman har seks smittetilfelle sidan onsdag. Det siste er i Undarheim barnehage, som Kvinnheringen meldte tidlegare.

Myrvold understreka at situasjonen i kommunen vår no er alvorleg, og oppmoda folk om å halda seg for seg sjølve i sin eigen heim, utanom ved heilt spesielle og nødvendige høve.

Han oppmoda òg alle som reiser kollektivt med til dømes buss og båt om å bruka munnbind under reisa. Tidlegare har han gått ut og bede alle kvinnheringar om å la vera å reisa ut av kommunen viss det ikkje er heilt nødvendig, og at dei som kan heller nyttar seg av heimekontor.

Også kommuneoverlegen meinte situasjonen i Kvinnherad var alvorleg, med totalt seks nye tilfelle på to døgn denne veka.

– Dette er 75 prosent av det vi har hatt tidlegare i kommunen, berre på to døgn. Det er ei klar endring. Vi har drive smittesporing, og meiner vi har kontroll på det. Til saman er 98 personar i karantene med desse seks tilfella denne veka, opplyste Opland.