Tysdag 5. juli vart det gjennomført generalforsamling i Fjelbergsambandet AS. På sakslista stod ordinære årsmøtesaker, vidare vart rekneskap og årsmelding godkjende. Dette går fram av ei pressemelding frå Fjelbergsambandet.
Alle fire styremedlemer sa seg villige til å vera med vidare, noko generalforsamlinga samrøystes formaliserte, men styreleiar Marianne Nordhus bad om avløysing for leiarvervet på grunn av høg arbeidsbyrde. Ove Lemicka vart samrøystes vald til ny styreleiar, etter samla ønske både frå styret og generalforsamlinga.
Dei andre styremedlemene er Arne Bjørnevik og Synnøve Solbakken.
Som pressekontaktar er Lemicka (styreleiar) og tidlegare rådmann, Odd Ivar Øvregård (dagleg leiar) ført opp.
Rett etter sommaren vil styret få utarbeidd eit informasjonsskriv om aktivitet og anna aktuell informasjon, eit tiltak generalforsamlinga støtta.
– Held fram som før
Den nye styreleiaren forsikrar at arbeidet held fram som før:
– Styret har vore veldig samstemde i korleis vi har jobba så langt – eit lite skifte på personar betyr lite.
Til liks med det Øvregård nyleg uttala i Kvinnheringen, er det arbeidet med å få landa reguleringsplanen som er hovudprioritet framover, understrekar Lemicka.
– Vidare må vi få til semje med fylket om korridoren for dei to planlagde bruene. Flytebruløysinga over Sydnessundet vil med bruk av ny teknologi bli billegare enn tradisjonelt, og det vil i praksis seia at sambandet er finansiert gjennom ferjeavløysingsmidlane, seier Lemicka.
Over Sydnessundet, mellom Fjelbergøy og Halsnøy, er det tenkt ei flytebru på om lag 700 meter. Brua mellom Borgundøy og Fjelbergøy er planlagd som ei bru på om lag 250 meter. (Sjå fjelbergsambandet.no for illustrasjonar).
– Når reguleringsplanen er heilt ferdig, må ein i forhandlingar med dei som skal byggja sambandet, og fylket må søkja staten om ferjeavløysingsmidlar. Med dette på plass, kan ein få Stortinget si velsigning, seier Lemicka.
– Kvifor har du engasjert deg i Fjelbergsambandet?
– Fordi det er ei viktig sak for Kvinnherad kommune å knyta Fjelberg-øyane saman med Halsnøy og med det fastlandet. Og omvendt vil det gi eit betre tenestetilbod for dei som bur på Borgundøy og Fjelbergøy. Alt i alt vil det gi utvikling og vekst for øyane og Kvinnherad.
Lemicka legg til at han var med på pådrivararbeidet med Folgefonntunnelen og Halsnøytunnelen.
– Dermed hadde det vore veldig kjekt å sjå Fjelbergsambandet bli realisert òg!
Konsulent Øvregård om Fjelbergsambandet: – Dette hindrar framdrifta no
