Mange elvar i Hardanger ligg på over 40 % dødelegheit. Elvar med lågast dødelegheit er Oselva (28 %) og Etneelva (16 %).

Det skriv Uskedalen.no som viser til at arbeidet er nytt, og at Bergens Tidende hadde ein større artikkel om temaet på trykk måndag 28. desember. Uskedalselva er ei av 11 elvar som er med i oversikta.

Modellen, som er ei samling av fleire metodar, prøver å finna ut kor mykje villaks som døyr frå kvar elv etter angrep av lakselus. Det handlar om å analysera vandringsruter, tidspunkt for utvandring, laksegenetikk, tidspunkt for oppblomstring av lus og teljing av talet på lus på fisk som vert fanga i sjøen. Innsamla data kan så seia noko om kor stor del av fisken som vil døy med bakgrunn i skade frå lus.

Laksen har alltid møtt på lus i saltvatn. Tilbake i ferskvatn ristar fisken av seg lusa. Målingane syner at luseproblemet er langt større ved oppdrettsanlegga i fjorden, der lus og luselarver spreier seg i fjord- og kystsystemet. Dødelegheita er størst i elvane på Vestlandet med lange fjordar og med mange oppdrettsanlegg, også fordi fisken har lange vandringsruter mot havet.

Havforskingsinstituttet sitt arbeid vert lagt til grunn for å koma fram til avbøtande tiltak i samarbeidet mellom forvaltninga og næringa. Eitt tiltak er redusert produksjon. Hardangerfjorden, med dødelegheit på over 30 %, er i gul sone. Næringa er pålagd å redusera produksjonen med 6 %. Oppdrettsnæringa er ikkje samd i pålagde krav, og har varsla sak mot staten. Bakgrunnen deira er at grunngjevinga for reduksjonen er for dårleg, skriv Uskedalen.no vidare.

Av ulike fagmiljø som jobbar med fiskeforvalting i Uskedalen, kan desse nemnast:

• UNI miljø tel fisk i elva

• Rådgjevande biologar tek ut oppdrettsfisk i elva

• Oppdrettsbransjen har kamera for å telja fisk som går opp i elva.

UNI miljø og Rådgjevande biologar brukar dykking som ein arbeidsmetode, og leverer data godkjende for forsking.