Gå til sidens hovedinnhold

Overlèt til Sparebanken Vest å få stifting-pengane til å veksa

Nyleg var det premiere for utdeling av midlar frå ein ny, lokal pengebinge: Fjelberg Kraftlag-stiftinga. Resten av pengane skal i utgangspunktet danna grunnlag for årlege gåveutdelingar i det som var kraftlaget sitt forsyningsområde.

For abonnentar

Som kjent fekk oppløysinga av Fjelberg Kraftlag ei todelt løysing: Utbetalingar til medlemene og ei stifting med ein startkapital på 42 millionar kroner. 10 av millionane vart nyleg utdelte og omtala i lokalmedia. I åra som kjem er det i utgangspunktet avkastinga på dei resterande 32 millionane som skal brukast til gåver, sjølv om vedtektene opnar for at ein også kan dela ut frå grunnkapitalen.

Les også

Ny stifting har delt ut 10 millionar kroner til 30 tiltak

Styreleiar for Fjelberg Kraftlag-stiftinga er Sverre Olav Handeland som har med seg følgjande styremedlemer: Tine Særsten (Sæbøvik), Leif Ove Mikkelsen, Liv Iren Hillestad Brekke, og Grete Lise Sjo.

– Det er Sparebanken Vest som er kapitalforvaltar og skal plassera pengane, opplyser Handeland.

Styret i stiftinga rapporterer til Stiftelsestilsynet, revisjonen blir tatt hand om av Deloitte, medan Tveit Regnskap har hand om rekneskap og utbetaling av gåver.

– Kva dokumentasjon blir det kravd frå søkjarane?

– Dei må ha organisasjonummer og ein dokumentert plan for korleis pengane skal brukast. I tildelinga har vi i fleire høve øyremerkt pengane, slik me gjorde t.d. til Halsnøy Idrettslag som slettar gjeld, opplyser Handeland.

Vedtektene for stiftinga (sjå nedst i saka) er ganske vide når det kjem til kven som kan få gåver – også verksemder er tatt med.

– Vil «verksemder» også omfatta aksjeselskap?

– Ikkje aksjeselskap som konkurrerer med andre, men aksjeselskap som har statuttar om ikkje å dela ut utbyte kan vera aktuelle. Men i så tilfelle må det vera tale om ei verksemd med allmennyttig karakter. Allmennyttig føremål trumfar alt, seier Handeland.

Truleg blir det årlege utdelingar, annonsert i lokalpressa, men ifølgje Handeland kan det opnast for ad hoc-tildelingar:

– Det er ikkje heilt fastlåst, seier styreleiaren som òg signaliserer at han vil gå ut av styret om ikkje så lenge.

Vedtekter for Fjelberg Kraftlag-stiftinga:

§ 1: Namn: Stiftinga sitt namn er Fjelberg Kraftlag Stiftinga.

§ 2: Føremål: Stiftinga sitt føremål er at midlane ein disponerer skal komme innbyggjarane, verksemder og foreiningar/lag i tidlegare Fjelberg Kraftlag SA sitt forsyningsområde (slik dette var per 1. januar 2019) til gode ved økonomiske bidrag av allmennyttig karakter.

§ 3: Grunnkapital: Stiftinga skal ha ein grunnkapital på NOK 41.711.000 som vert betalt inn kontant av stiftinga sin opprettar. Avgjerd om å setja ned grunnkapitalen vert teke av styret. Grunnkapitalen skal kunna brukast til utdelingar.

§ 4: Styret: Styret er stiftinga sitt øvste organ og består av tre til fem styremedlemmer. Styremedlemmenes funksjonstid er inntil vidare, med mindre anna vert fastsett ved valet av det enkelte styremedlem. Det til ei kvar tid sitjande styret vel nye styremedlemmer ved alminneleg fleirtalsval. Styret vel sjølv leiar.

§ 5: Revisor: Stiftinga skal ha ein revisor som vert vald av styret.

§ 6: Endring av vedtektene: Styret kan endra vedtektene ved samrøystes avgjerd.

Les også

Godt resultat for Tysnes sparebank så langt

Kommentarer til denne saken