Då fristen for å teikna seg i ein nyemisjon i Tysnes Sparebank gjekk ut 12. april, hadde 270 personar og verksemder teikna seg for heile 53,3 millionar kroner.

Målsetjinga var i få inn mellom 40 og 45 millionar kroner i ny eigenkapital, skriv banken i ei pressemelding.

Emisjonen var ein fortrinnsretta emisjon, det vil seia at dei som hadde eigenkapitalbevis frå før hadde førsterett til å teikna i den nye emisjonen. Svært mange nytta seg av denne sjansen, melder Tysnes Sparebank.