Erlend Fredheim – opphavleg frå Rosendal, no busett på Husnes – er kompis med Patrick Normann (22). Patrick er busett i Herøysund og er son til Renate Normann som politiet trur vart drepen på Varaldsøy torsdag kveld.

– Eg og Patrick snakka om kva ei bisetting kostar, og i samråd med andre pårørande kom vi fram til at vi ville starta ein spleisaksjon, fortel Fredheim.

For med brå død kjem også bråe utgifter. I informasjonen om spleisaksjonen blir dette understreka: I tillegg til sjokk og sorg, er 22 år gamle Patrick Normann også midt i eit kaos av alt det praktiske og kostbare som må ordnast i samband med ei bisetting.

Aksjonen vart oppretta søndag, og alt tysdag føremiddag hadde summen passert 50.000 kroner.

– Responsen er fantastisk – vi er heilt overvelda. No var det nettopp ein anonym givar som gav 7.000 kroner, fortalde Fredheim til Kvinnheringen tysdag føremiddag.

Han opplyser at målet for spleisaksjonen er sett til 150.000 kroner.

– Når ein opprettar ein spleisaksjon må ein setja eit slikt tak, og vi sette den summen for at dei som vil støtta aksjonen skal få sjansen til å gjera det. Målet er først og fremst å dekka utgiftene for bisettinga, men blir det meir enn det bisetting, gravstein og slikt kostar, skal det gå som ei gåve til Kvinnherad kommune si teneste innan rus- og psykiatri, fortel Fredheim.

Han opplyser at Patrick set stor pris på den støtta som blir vist gjennom responsen på spleisaksjonen.

– Han sender meg hjarte-emojis når eg oppdaterer han om responsen, og han fortel han er takknemleg og mållaus over givargleda. På denne måten kan han og dei andre i familien få til den bisettinga for Renate som dei ønskjer, seier Erlend Fredheim.