Skal bæra bøsser for demensaksjonen

«INNSATS FOR ANDRE»: Dei ivrige tenåringane har alle valt å ta faget «innsats for andre», og har fokus på å hjelpa ulike målgrupper i lokalsamfunnet. Frå venstre ser vi Anna Ullebust (13), Serine Bondhus (13), Linnea Eide (12), Benedicte Johnsen (14), Alexander Alvar Sjo (13), Marius Ommer Bjelland (15), Frida Øvrevik Farestad (14), Bertine Elvida Nylund Nygaard (14), Maia Pile (14), Nathalie Reigstad (13), Amalie Hillestad Eide (12), Julie Oline Reigstad (13)(bak), Jannike Myhre Arnevik (12), Vilde Østhus Engelsen (14). Manglar: Simen Hammer Åsen.

«INNSATS FOR ANDRE»: Dei ivrige tenåringane har alle valt å ta faget «innsats for andre», og har fokus på å hjelpa ulike målgrupper i lokalsamfunnet. Frå venstre ser vi Anna Ullebust (13), Serine Bondhus (13), Linnea Eide (12), Benedicte Johnsen (14), Alexander Alvar Sjo (13), Marius Ommer Bjelland (15), Frida Øvrevik Farestad (14), Bertine Elvida Nylund Nygaard (14), Maia Pile (14), Nathalie Reigstad (13), Amalie Hillestad Eide (12), Julie Oline Reigstad (13)(bak), Jannike Myhre Arnevik (12), Vilde Østhus Engelsen (14). Manglar: Simen Hammer Åsen.

Øyatun skule i Sæbøvik har eit valfag «Innsats for andre», og no har elevane fokus på å hjelpa til å samla inn pengar som skal gå til forsking for demente.

DEL

For tredje året på rad står det valfrie faget kalla «innsats for andre» på timeplanen ved Øyatun skule i Sæbøvik. Målet er at ungdommar skal vera aktive deltakarar i lokalsamfunnet og hjelpa ulike grupper som treng det. Dei siste vekene har elevane på 8.–10. trinn hatt fokus på å hjelpa og fremja dei demente si sak, med demensaksjonen denne veka som det store målet. Torsdag ettermiddag skal dei spreke ungdommane gå dør til dør på Halsnøy med bøsser og samla inn pengar til aksjonen, og då håpar dei at dei blir tatt godt imot av lokalbefolkninga.

Demensveka

Landsforeininga til demente har vore på besøk ved skulen, og dei har uttrykt stor glede over at dei hjelpsame ungdomsskuleelevane har valt å støtta dei.

– Gjennom besøket har elevane lært mykje om demens, kva demenssjuke og pårørande gjennomgår og kor viktig forskinga er for å løysa den store gåta om den alvorlege sjukdommen, fortel lærar Ann Kathrin Simonsen Reigstad.

Av innsamlinga vil 70 prosent gå til forsking og 30 prosent til den lokale demensforeininga og deira arbeid.

– Det er viktig for oss å samla inn pengar som kan vera til hjelp, fortel Maia Pile (15).

– Vi liker å hjelpa og gleda andre, og det er viktig at vi har informert lokalbefolkninga om kvifor vi samlar inn pengar til dei ulike formåla, legg Anna Ullebust (13) til.

Frivillig arbeid

I tillegg til bøsseinnsamlinga har dei ivrige tenåringane andre måtar å samla inn pengar til aksjonen på. For vel eit år sidan starta dei ein bruktbutikk, og i desse dagar vil salsfortenesta gå til demensaksjonen.

– Det er ganske så mange innom, og det er ofte kø utanfor når vi opnar, fortel Julie Oline Reigstad (13), som elskar å stå i butikken og ta imot kundane.

Sjølve butikklokalet ligg inne på skuleområdet, og dei har sjølv pussa opp og mala lokala. Her tek dei imot lopper, men ikkje klede. Dei får gode skussmål og kundane syns det er flott med ein bruktbutikk som har fokus på gjenbruk.

– Her er det mogeleg å få tak i sjeldne skattar til ein god pris, fortel Maia Pile.

– Vi sel også heimelaga nordlandskaker, fortel Benedikte Johnsen (14) og Frida Øvrevik Farestad (14).

Bidra til lokalsamfunnet

Dei flittige elevane liker at «innsats for andre» er eit praktisk fag, og vil gjerna gi noko tilbake til lokalsamfunnet. Å vera på gamleheimen og spela med dei eldre og utbetra leikeplassane til små barn er noko mange av elevane brenn for. Så dei unge hjelparane blir nok å sjå i aksjon fleire plassar på Halsnøy framover.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags