Gå til sidens hovedinnhold

På denne konserten kan det meste skje

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag har duoen Fliflet/Hamre med seg gitarist Knut Reiersrud til for å spela konsert på 5460 på Husnes. Det blir garantert ei spesiell oppleving!

I Gabriel Fliflet og Ole Hamre sin fargerike musikk står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar blir dundra ut mellom vare, nordiske moll-perler og jødiske ettertenksomheiter, norske kystmelodiar eller italienske partisansongar. Instrumenta dei to trakterer er ikkje få, blant anna trekkspel, «hamrofon», potte – og av og til tar Ole Hamre på seg steppeskoa! Ikkje rart at dei to kallar seg «sære, men populære». Dei har nemleg turnert i heile landet med musikken sin.

Fliflet/Hamre har gitt ut platene «Ivar Aasen goes Bulgaria», «Moro post mortem – live», «Gabriole» og «Eine kleine Kraftmusik». På oppdrag frå NRK1 laga dei to venene i 1996-97 TV-serien «Fliflet/Hamre Kraftakvarium».

På starten av 2000-talet innleia Fliflet/Hamre eit spennande samarbeid med gitarist Knut Reiersrud. Etter ein gjenforeiningskonsert i Oslo, har karane besøkt Voss, Hamar, Tønsberg, Bø, Porsgrunn, Bergen og Arendal, og fredag kjem dei altså til Husnes.

Kommentarer til denne saken