Husnesdagane og Omstock-festivalen drog mykje folk til Husnes sentrum fredag og laurdag.

– Sjølv om det var litt færre besøkande i år, sit vi igjen med ein kjempegod følelse. Vi mista kanskje dei spontane kjøparane på laurdag på grunn av vêret, men på andre sida var førehandssalet betre i år. Vi føler at vi har fått til noko som folk likar, og at vi er på god veg med å bygga opp eit konsept som kan bli langvarig, seier Betten til Kvinnheringen tysdag.

Utan å ha dei endelege tala i hende, anslår han at rundt 500 besøkte sentrum fredag og i underkant av 1000 laurdag.

– Det er kjempebra. Vi er strålande nøgde med det, seier han, og held fram:

– Vi kjem ut med eit godt resultat takka vera gjestene. Vi er heilt avhengig av de som støttar oss. Eg vil skryta av alle som trassa vêrmeldingane og kom. Det gjer meg stolt.

Bildeserie

Fredag: Sjå bilde frå Husnesdagane og Omstock-festivalen

Festival-området var i år utvida, og hovudscenen flytta ned til oppsida av Opsangervegen mellom gamle Europris og Kulturskule-bygget.

– 1000 menneske på det nye området ser kanskje ikkje mykje ut. Dette gjer vi fordi vi ønsker at gjestene skal ha meir fridom og kunna bevega seg rundt, forklarer Betten.

Bildeserie

Laurdag: Sjå bilde frå Husnesdagane og Omstock-festivalen

Han vil trekka fram laurdagens dagarrangement som ein suksess:

– Her gjorde vi kanskje størst framskritt frå i fjor. Chili Klaus hadde eit artig show med mellom anna «last man standing»-konkurransen sin. I framtida ønsker vi meir underhaldning som inkluderer publikum på denne måten.

Sjå korleis chili-konkurransen enda nedst i artikkelen!

Bildeserie

Sjå bilde frå Chili Klaus sitt show

Høgdepunkt frå då Chili Klaus underheldt publikum på Husnes laurdag 8. juni 2019.