Gå til sidens hovedinnhold

På nyttårsaftan kan du ta med familien på gratis kino

Kvinnherad frivilligsentral og Kvinnherad kultursenter inviterer til gratis kino på Husnes for familiar på nyttårsaftan.

Det melder kommunen.

– Nyttårsaftan kan opplevast som ein lang dag med venting for mange. For å korta litt inn på ventetida inviterer me familiar inn på gratis kino, står det å lesa om arrangementet.

Det står òg at på grunn av feil med bestillingssystemet kan ein ikkje bestilla billett på nett, men ein må møta opp i kinoen på Husnes si opningstid for å henta ut billett. På grunn av korona-restriksjonar er det sett ei grense på 200 gjester, og folk bør derfor vera tidleg ute.

Filmen som blir vist er norsk, og heiter «Dragevokterens jul». Den har fått ganske gode kritikkar. Handlinga blir kort oppsummert slik:

«I byen Kjedly er det snart jul, og alle pyntar til fest, syng julesongar og bakar kaker. Bortsett frå 11 år gamle Sara, som beveger seg rundt som ein usynleg ninja. "Aldri bli sett, aldri bli tatt og aldri bli kjent med nokon", seier ho til seg sjølv medan ho gøymer seg for politiet og bryt seg inn i ferietomme hus for å finna mat og varme. Men når ein flammesprutande drage krasjlandar i huset ho skal feira jul i, blir alt snudd på hovudet. Ho blir tvungen til å be om hjelp av naboguten Mortimer, som drøymer om å bli Youtube-stjerne. Saman bestemmer dei seg for å hjelpa dragen heim dit den kjem frå før nokon får fatt i den. Men å halda seg skjult for politiet med ein ildsprutande drageven, er ikkje lett».

Kommentarer til denne saken