På søndag blir det internett-konsert frå klosteret med denne trioen

Solveig Sørheim, Tore Kloster og Irene Simonsen inviterer til internett-konsert frå Halsnøy Kloster

Solveig Sørheim, Tore Kloster og Irene Simonsen inviterer til internett-konsert frå Halsnøy Kloster Foto:

«Elsk og himmellengt» heiter konserten, som blir arrangert i Grønastovo på Halsnøy Kloster søndag kveld.

DEL

Trioen Tore Kloster, Solveig Sørheim og Irene Simonsen står for konserten, som alle kan få med seg via Facebook.

– Vestlendingen vert gjerne oppfatta som innadvendt og pragmatisk. Men bak fasaden bankar eit varmt hjarte. Konserten «Elsk og himmellengt» viser at lidenskapen til menneske og Gud finst overalt i den vestnorske diktinga og musikken. Den vestnorske musikken er karakteristisk og variert. I tillegg til det særmerka norske, er både folkemusikken og kunstmusikken full av referansar til musikk ut over landegrensene. Det er ikke sjeldan at songar me identifiserer oss med, og som me tenkjer representerer vår særmerka kultur, faktisk har utanlandsk opphav, står det i pressemeldinga.

Vidare kan vi lesa at himmellengten i dei religiøse folketonene er av det lyse slaget.

– «Eg veit i Himmerik ei borg - ho skin som soli klåre». Desse tekstane er frå same tid som både Arne Garborg sine dikt om Haugtussa og tyske Wilhelm Müller sine dikt til Schubert sin «Die schöne Müllerin». Den romantiske lengten etter å nå eit høgare nivå, er like tydeleg i dei religiøse som dei verdslege tekstane. Det handlar ofte om den store - ikkje alltid gjensidige - kjærleiken, eller om det å endeleg få koma til Gud i himmelen.

Trioen oppstod under innspelinga av Tore Kloster si juleplate «Fagre juledag», og hadde ei rekkje konsertar før jul i 2019.

Solveig Sørheim er organist, komponist og folkemusikar, busett i Etne. Irene Simonsen er pianist, akkompagnatør og pianolærar, busett på Stord. Tore Kloster er songar og kordirigent, busett i Bergen, men opphavleg frå Halsnøy Kloster.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags