Gå til sidens hovedinnhold

Palfinger permitterer rundt 40 tilsette på Seimsfoss og i Ølve

Artikkelen er over 1 år gammel

Det melder selskapet i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Palfinger Marine Safety AS har send ut permitteringsvarsel til kontorpersonell, som blir delvis permitterte 40 og 50 prosent.

Det gjeld rundt 40 tilsette på Seimsfoss og Ølve, opplyser Tone Fredheim Mælen, HR Manager på Seim. Fredheim Mælen fortel til Kvinnheringen at produksjonen går vidare for fullt ved fabrikken i Ølve.

– Det er bra. Og ingen er permitterte på heiltid. Dei fleste av oss som jobbar på kontor, jobbar no heime. Vi følger dei råda og retningslinjene som FHI og styresmaktene kjem med for å sikra ein trygg og god produksjon. Vi skal fortsetta med å levera produkta våre, seier Mælen.

For å tilpassa organisasjonen dagens aktivitetsnivå og driftsbehov forårsaka av den globale covid-19-pandemien, og for å ta vare på arbeidsplassar på lengre sikt, gjer derfor selskapet desse tiltaka no, står det i pressemeldinga.

Konsernet har også permittert tilsette i Bergen og i Austerrike.

Les også

Investorar frå Stord har kjøpt Palfinger-bygget på Seimsfoss

Les også

Palfinger sikra seg ny kontrakt: Skal rusta opp plattform-livbåtar i Ølve

Vidare står det at det er eit mellombels tiltak som skal sikra økonomien og sunn drift. Tiltaka kan bli stoppa kva tid som helst. Så snart situasjonen tillet det.

Kommentarer til denne saken