Vil sjå på kommunal tiltakspakke for å begrensa konsekvensane av nedbemanninga

– Tankane går til dei som vert råka, seier Peder Sjo Slettebø om nedbemanninga på Palfinger Marine Safety. (Arkivfoto).

– Tankane går til dei som vert råka, seier Peder Sjo Slettebø om nedbemanninga på Palfinger Marine Safety. (Arkivfoto).

Ordføraren sendte tysdag ut pressemelding på vegner av Kvinnherad kommune.

DEL

Les også: Inntil 45 kan mista jobben i Palfinger Marine Safety i Kvinnherad

Etter at nyhendet om nedbemanning på Palfinger Marine Safety i Kvinnherad kom tysdag, sendte Peder Sjo Slettebø ut følgjande pressemelding:

Kvinnherad kommune har motteke meldinga om at Palfinger Marine på Seimsfoss nedbemannar. Dette er sjølvsagt ei nyhende vi skulle ha vore forutan i Kvinnherad no, og tankane går til dei som vert råka.

I ei tid der vi kan gle oss over auka aktivitet i det lokale næringslivet, er dette ei påminning om at vi i Kvinnherad er påverka av den internasjonale marknaden og den internasjonale konkurransen. Palfinger Marine har tilsette i heile Kvinnherad kommune, men det er særleg Rosendalsområdet som vil merka den nedbemanninga som no skal skje.

Kommunen har vore godt orientert av leiinga i selskapet. Det er vårt inntrykk at leiinga ynskjer å handtera den krevjande situasjonen på ein skånsam måte til beste for dei som må gå og dei som skal drive selskapet vidare. Eg har tru på at tilsette ved Palfinger som no må finna nytt arbeid, med sin kompetanse vil vera attraktive for verksemder i vekst både i Kvinnherad og regionen elles.

Dette er ei påminning om at kommunen si rolle i å tilrettelegga for ny næringsaktivitet i Kvinnherad er viktig. Eg vil difor utan opphald få vurdert kommunale tiltak for å begrensa konsekvensane av denne nedbemanninga. Dette kan gjerast gjennom ein kommunal tiltakspakke som eg vil drøfta ei skisse for i formannskapsmøtet allereie neste veke.

Samstundes vil eg minna om at Kvinnheradsamfunnet har takla slike utfordringar før, og at vi denne perioden, trass at større verksemder har nedbemanna og i einskilde tilfelle gått over ende, har hatt ei svært låg arbeidsløyse. Eg er ikkje i tvil om at det heng saman med kvinnheringane si evne til omstilling og til å finna nye moglegheiter, og det må vera eit mål at vi klarar å behalda mest mogleg av kompetansen ved Palfinger i kommunen og regionen elles. Det er eg sikker på er eit mål både kommunen, Palfinger og lokalsamfunnet elles no har vilje til å strekka seg mot.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags