Gå til sidens hovedinnhold

Eidsvik blir sjef for Palfinger Marine Safety AS

Artikkelen er over 4 år gammel

Alf Eidsvik frå Uskedalen blir ny dagleg leiar i Palfinger Marine Safety AS. Han overtek dermed ansvaret for 222 tilsette fordelt på Seimsfoss og Ølve, heiter det i ei pressemelding frå Palfinger.

Eidsvik har solid erfaring frå industrien, med over 20 år fartstid hjå Eidsvik Skipsbyggeri før han starta i Noreq i 2008. I 2013 vart han tilsett som teknisk sjef for Harding Safety, som vart det nye namnet til Noreq og Schat Harding etter samanslåinga.

I 2016 vart Harding Safety kjøpt opp av Palfinger Marine. Eidsvik er i dag teknisk direktør for LSE*-divisjonen i selskapet, med ansvar for å byggja opp ei solid teknisk avdeling.

Alf er allsidig, og har fokus på at selskapet skal tenkja nytt, ha fokus på produkt utvikling, samt driva god butikk, heiter det i pressemeldinga.  

Han seier i ein kommentar at han ser fram til å ta fatt i den nye stillinga og er takksam for at selskapet viser han denne tilliten. Han ynskjer ein open dialog med dei tilsette og starta fredagen med å samle sine kollegaer til felles informasjonsmøte.

- Det viktigaste for bedrifta er driftige, lojale og positive medarbeidarar, seier Eidsvik i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken