Gå til sidens hovedinnhold

Palfinger med ny stor kontrakt

Artikkelen er over 3 år gammel

Palfinger Marine har fått kontrakten på levering av livredningsutstyr til hotellskipet Edda Fides

I ei pressemelding heiter det at Palfinger Marine er stolte av å sikra seg kontrakt på levering av seks nye livbåtstasjonar til hotellskipet Edda Fides. Fartøyet Edda Fides vart bygd ved verftet Astillero Barreras i Spania, det er130 meter frå baugspiss til akterende og er 27 meter bredt.

«Vi har jobba tett saman med Edda Accomondation på dette prosjektet, og funne den beste tekniske løysinga for å dekka deira behov. Edda Fides vil auka livbåtkapasiteten så mykje som mogleg, for å imøtekoma krava frå kundar over heile verda, seier salsleiar Robin Pedersen i ei pressemelding.

Leveringa består av seks lukka livbåtar med tilhøyrande davitar. Kvar livbåt har ein kapasitet på 150 personar. Leveransen skal skje i september 2018, i tillegg har Palfinger Marine sikra ein fem års serviceavtale på utstyret.

– Vi er stolte av å vinna denne kontrakten i ein tøff marknad. Det viser at Edda Accomondation gjev oss tillit og stolar på livredningsutstyret, og vår kompetanse, seier salsdirektør Trond Paulsen.

Kommentarer til denne saken