Har sagt opp jobben i Palfinger Marine Safety

Reinhard Lund-Mikkelson sluttar som dagleg leiar i Palfinger Marine Safety. (Arkivfoto).

Reinhard Lund-Mikkelson sluttar som dagleg leiar i Palfinger Marine Safety. (Arkivfoto).

Ifølgje ei pressemelding måndag kveld har dagleg leiar i Palfinger Marine Safety AS, Reinhard Lund-Mikkelson, informert styret om at han seier opp stillinga si i selskapet.

DEL


Etter ei krevjande tid med kostnadskutt og nedbemanning vil han no setja av tid til familie før han startar på nye oppgåver.

– Dei siste åra har vore krevjande for selskapet med negative resultat. Men vi har no teke drastiske grep for å få til ei berekraftig versemd på Seimsfoss samstundes som fabrikken i Ølve har gode ordrebøker i fleire år framover. Tida med Harding og Palfinger har vore både spennande og utfordrande. Det har vore eit særleg privilegium å leia selskapet på Seimsfoss og i Ølve i tida som dageleg leiar. Eg vil mest av alt sakna folka og samhaldet i selskapet.

– Vi vil takka Reinhard for hans innsats for selskapet i fleire ulike roller dei siste åra. Sist har han leia prosessen med omstruktureringa suksessfullt og med god kontroll, slik at vi kan sjå på framtida med optimisme. Vi respekterer hans avgjersle om å forlata selskapet etter alle desse åra. Vi ønskjer han alt det beste for hans framtid og nye utfordringar, seier styreformann Gunther Fleck for PalfingerMarine Safety AS i ein uttale.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags