Gå til sidens hovedinnhold

Vil du bidra til livbåt-verdsrekord?

Artikkelen er over 4 år gammel

Palfinger Marine treng 440 personar til å testa den nye livbåten «MPC 49». Klarar ein å få alle inn i livbåten på ti minutt er det ny verdsrekord!

Palfinger Marine har designa og produsert verdas største livbåt på fabrikken i Ølve. Livbåten har fleire sitjeplassar enn ein vanleg Jumbojet, og det skal leverast fleire av desse til cruise-skip som er under bygging i Frankrike. Alle livbåtar må testast, og no treng Palfinger Marine hjelp av 440 personar for å gjera testen. Bedrifta inviterer derfor til verdsrekord-test torsdag 20. april.

– Alle tilsette med familie i Palfinger er invitert til å vera med, men sjølv då er vi ikkje mange nok. Derfor ber vi kvinnheringane om hjelp, seier produktdirektør Arild Lokøy.

Palfinger Marine må testa om ein klarar å få 440 personar om bord i livbåten på ein trygg måte i løpet av 10 minutt. Bedrifta har engasjert mange av idrettslaga i kommunen, som får ein pengesum for å hjelpa til med å organisering og å få så mange som mogleg med.

Dei som vil vera med på livbåttesten må vera fylt 15 år, og må melda seg på via Palfinger Marine sitt skjema her. «Førstemann til mølla»-prinsippet gjeld. Påmeldinga er bindande, fordi det er avgjerande at Palfinger får nok folk med seg på testen. Alle som blir med på testen får låna redningsvest, og vil få nødvendige instruksar i forkant for at testen skal vera så trygg som mogleg.

Kommentarer til denne saken