Under ein seremoni på Nor-Shipping-messa i Oslo 30. mai vart det nye og toppmoderne kabelleggingsfartøyet «NKT Victoria» annonsert som vinnar av Årets skip-kåringa til bransjebladet Skipsrevyen. Den årlege prisen går til eit norskbygd fartøy som representerer innovasjon, meirverdi og teknologiske framsteg, og målet er å anerkjenna innovasjon i norsk skipsutvikling.

– Palfinger Marine sender dei hjartelegaste gratulasjonar til skipseigar NKT, byggeverftet og designfirmaet som står bak Årets skip 2017. Vi er stolte av å vera ein av leverandørane til «NKT Victoria». Gjennom ein omfattande dekksutstyrspakke bidrar vi til å auka tryggleiken og den operasjonelle effektiviteten til fartøyet, seier sals- og marknadsføringsdirektør i Palfinger Marine, Bjørn Sturle Hillestad.

Palfinger Marine har ei sterk merittliste som leverandør til Årets skip. Berre dei fire siste åra har Kvinnherad-selskapet utstyrt dei tre prisvinnarane i 2017, 2015 og 2013 – samt fleire av dei andre nominerte fartøya.

Til «NKT Victoria» leverte Palfinger Marine ein pakke beståande av omfattande vinsjpakke, der samtlege av dei er med elektrisk drift, to kompakte, allround dekkskranar, to heilt lukka livbåtar med tilhøyrande davitar, samt ein davit til utsetting og opphenting av redningsbåt.

– Denne store leveransen viser verkeleg PALFINGER MARINE som ein konkurransedyktig totalleverandør av høgkvalitets dekksutstyr til den maritime industrien. Å nytta seg av ein einskild leverandør av komplette pakkar med kranar, vinsjar, livrednings-  og anna offshoreutstyr – der alle produkt dessutan vert støtta med attraktive serviceløysingar – har fleire fordelar. Det sparar kundane for både tid og pengar, og det forenklar innkjøpsprosessane. I tillegg hjelper det globale servicenettverk vårt kundane med å effektivisera servicebehovet for dekksutstyr, seier Hillestad.