Påskehelsing frå prosten

Prost Svein Arne Theodorsen. (Foto: Privat).

Prost Svein Arne Theodorsen. (Foto: Privat).

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ei annleis påske

Det er ei underleg tid. Koronapandemien legg eit mørke over heile verda. Eg fylgjer med på utviklinga både i verdssamfunnet, i landet vårt og her hos oss. Kvar dag ser eg på tala over smitta i dei 7 sunnhordlandskommunane, eg bed for dei sjuke, for dei som står dei nær og for helsepersonell som er der for dei. Eg fylgjer med på situasjonen i kommunane og for næringslivet, eg bed for alle som er råka av krisa.

Påska vert annleis i år. Ikkje dramatisk for meg personleg, men annleis. Det vert ikkje tur til hytta i lag med familie. Eg hadde gledd meg til å samla alle og ta barnebarnet Andreas (som vart fødd i oktober) med på den fyrste båtturen. Det vert ikkje vigsle, og ingen vanlege påskegudstenester.

Påska er ikkje avlyst

Midt i krevjande tider kjem påska. Det er tid for ei annleis påskefeiring.

Takk til NRK som sender påskegudstenester både i radio og TV.

Takk til aviser og andre media som gjev plass til påskestoff.

Takk til medarbeidarar i kyrkja i Sunnhordland som finn nye vegar å nå ut med påskebodskapen og inviterer til eit annleis fellesskap. «Ei synleg kyrkje i Sunnhordland» er vårt fokustema i år. Kven tenkte at vi skulle få slike tider dette året?

Frå kyrkjene i Kvinnherad kan du m.a. sjå og høyre Langfredagssamling frå Husnes kyrkje og

gudsteneste påskedag frå Kvinnherad kyrkje. Du kan høyre høgtidsringing med kyrkjeklokkene påskeaftan, og du kan vere med på open kyrkje med bøn og lystenning i desse kyrkjene: Kvinnherad skjærtorsdag, Ølve langfredag, Hatlestrand og Uskedal fyrste påskedag og i Åkra andre påskedag.

Eit mysterium

Sentralt i den kristne feiringa av påske står korset, for mange det mest sentrale kristne symbolet. Korset kan vekke gode kjensler, det står for varme, tryggleik, frelse, liv og håp. For folk i det romerske imperiet på Jesu tid gav korset andre assosiasjonar. Kyrkjefaderen Origenes gjev uttrykk for samtidskulturens syn på korsfestinga når han kallar døden på korset for den mest vanærande dødsmåte.

Kva betyr Jesu død på korset? Den svenske teologen og forfattaren Agne Nordlander seier at ansikt til ansikt med korset er det rom både for å forstå og tru, for å spørje og tilbe, for å gråte og bryte ut i takk. Ordet om korset er eit mysterium. Noko vi både kan forklare og utleggje og på same tid noko vi ikkje kan forstå fullt ut, eit mysterium til undring, tilbeding og lovprising.

Når forfattarane av Det nye testamente skal forklare kva som hende då Jesus døyde og stod opp, nyttar dei ulike bilete, uttrykk og modellar som lesarane var godt kjende med. Både i det jødiske og i det gresk-romerske miljøet var dei fortrulege med ofringar, dei kjende til sedvanen med å kjøpe fri slavar, dei visste så altfor godt kva krig var og dei prøvde å skape forsoning mellom stridane partar.

I si bok ”Korsets mysterium” peiker Nordlander på desse sidene ved Jesu død på korset:

- «offer» førekjem oftast, Jesu død vert framstilt som eit soningsoffer. Johannes seier: ”Han er ei soning for syndene våre, ja, ikkje berre for våre, men for alle i heile verda.” (1 Joh 2,2)

- «kjøpa fri» er henta frå rettsvesen og handelsliv. Jesus talar om sin død slik: ”Menneskesonen er ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.” (Mark 10,45)

- «kamp-seier» er henta frå det politisk/militære område. Evangelia skildrar Jesus i kamp for å skipa Guds rike. I brevet til Kolossarane seier Paulus: ”Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.” (Kol 2,15)

- «forsoning» finn vi både i mellommenneskelege forhold og i det politiske diplomatiet. ”Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.” (2 Kor 5, 19)

- «føredøme» syner korleis Jesu død og kan vere eit eksempel for oss. Paulus seier: ”Lat det same sinnelaget vera i dykk som og var i Kristus Jesus!” (Fil 2,5).

Mi bøn er at vi denne påska skal få sjå meir av korsets mysterium; til tru, takk og lovprising.

God påske

I kyrkja er påskedagen den store gledefesten. Det er påskedagen som gjer den store forskjellen. ”Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar” les vi i Fyrste Korintarbrev kapittel 15. Men Paulus held fram og slår fast med jubel og glede: ”Men no er Kristus oppstaden frå dei døde”. Dette ligg til grunn for at vi i kyrkja på påskemorgon ynskjer kvarandre ”God påske” eller ”Gledeleg påske.”

Med ynskje om ei velsigna påskehøgtid!

Svein Arne Theodorsen

Artikkeltags