Kvar dag i påskeveka har vi presentert ti påskenøtt-spørsmål for dykk. No er det klart for ein siste innsats. Svara kan du senda på e-post til [email protected] Merk emnefeltet «Påskenøtter».
Vi trekker éin vinnar blant lesarane som sender inn e-postsvar på påskenøttene. Du må svara på alle spørsmåla. Dersom du ikkje vil senda e-post kvar dag, kan du senda svara dine i éin samla e-post innan klokka 20.00, søndag 1. påskedag.
Premien er ikkje noko mindre enn eit gåvekort på Husnes storsenter pålydande 1.000 kroner, og alle som deltar med svar på alle spørsmåla er med i trekninga!
Kategoriane gjennom veka er norske påsketradisjonar, religiøs påske, lokalt, landet rundt, underhaldning og sport.
Påskenøtter 1. påskedag:
1. Kven kom først til Jesu grav?
2. Kor lenge varer fastetida, og når sluttar den?
3. Kva heiter kollektivselskapet til Vestland fylkeskommune?
4. Kor mange innbyggarar er det i Ullensvang kommune (slingringsmonn på +/- 500)
5. Kva er det fulle namnet på russaren som hamna i klabeit med Klæbo under Ski-VM?
6. Tveit rekneskap blei nyleg kjøpt opp. Kven er regionleiar her i området?
7. Kva for ein type fugl søkte bønder på Halsnøy nyleg skadefellingsløyve for?`
8. Kva heiter den britiske programleiaren som blei tatt av lufta etter at han langa ut mot hertuginne Meghan?
9. Kva heiter den kvinnelege forfattaren og bloggaren som er med i årets utgåve av «Kompani Lauritzen» på TV2?
10. Kva for ein britisk eliteserieklubb var landslagssjef Ståle Solbakken ein periode trenar for?
Svara dine sender du til [email protected] Merk e-posten «Påskenøtter».