– Vi nærmar oss 160 millionar kroner, som jo er veldig spesielt. At vi passerer 150 millionar kroner skal markerast, så vi kjem til å gjera litt stas rundt det denne kvelden, seier dagleg leiar Bente Lie Nilsen i Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad.

Denne kvelden er tysdag 2. mai. Dit er vel 150 frivillige frå ulike lag og organisasjonar påmeldt, også denne gongen frå nabokommunane Stord og Ullensvang.

– Det er jo her i Kvinnherad at vi har den største delen av utdelingane, og det er her vi har eit stort arrangement. Så vi hadde lyst at også dei skulle få oppleva den festen som vi lagar til her i Kvinnherad, seier Bente.

I løpet av kvelden skal stiftinga dela ut 11 millionar kroner fordelt på 84 gåver.

– Det blir nokolunde same lest som før, og vi gler oss stort. Det blir underhaldning og markering av at vi passerer 150 millionar kroner. Det blir god mat og ein veldig kjekk kveld, sluttar Bente.

Bildeserie

Folket strøymde til Kvinnherad Arena: Sjå bilde frå den store opningsfesten her