Det ligg an til nok ein sommarferie med mykje norgesferiering. Den katolske kyrkja i Norge har derfor laga ein artikkel med ulike ferietips til norske katolikkar. Pater Arne Fjeld ved St. Dominikus kloster tipsar her om å besøka Rosendal.

Katolsk.no spør pateren kvifor han meiner staden kan vera eit passande mål for ei oppbyggeleg, katolsk ferieoppleving, og då svarer han at soknekyrkja er frå mellomalderen, har behalde sitt katolske preg og ligg høgt med utsikt til Hardangerfjorden.

Han trekkjer òg fram andre attraksjonar som baroniet og kunsten her, og at av innbyggjarane i Rosendal er det også katolske familiar.

«Bergensarar hugsar Emily Holm, som var kyrkjelydssekretær i St. Paul. Nyleg var kommunen sin ordførar katolikk», uttalar pater Fjeld.

Katolsk.no lurer på om det er noko spesielt ein må hugsa på når ein tar turen til Rosendal.

«Sjølv har eg i mange år på rad vore gjest hos ein familie i Rosendal. Er ein ikkje så heldig, må ein passa på å ta med nok pengar, då ingenting er særleg billig der», svarar han.