Gå til sidens hovedinnhold

Pauline (25), Anna (26), Ragnhild (34) og Natacha (27) hadde same arbeidsplass i Kvinnherad – så flytta dei tilfeldigvis til same europeiske storby

Pauline Naterstad (25), Anna Wågen (26), Ragnhild Skeie Sunde (34) og Natacha April Souyris (27) jobbar og studerer i Berlin. Dei fire venninnene frå Rosendal og Åkra er alle begeistra for den tyske storbyen, men saknar Kvinnherad-naturen no under lockdown.

Når vi pratar med dei fire Kvinnherad-jentene på Facetime er dei ute og går tur i den kalde Berlin-kvelden. Ingen restaurantar eller andre kulturtilbod er opne, for i byen er det lockdown – total nedstenging – på grunn av pandemien. Og sidan dei utgjer fire husstandar, kan dei heller ikkje samla seg innandørs hos nokon av dei.

– Vi kan berre møtast utandørs for tida. Og det er begynt å bli ganske kaldt her, så vi gler oss veldig til pandemien er over, seier dei.

Det var heilt tilfeldig at alle dei fire skulle hamna i Berlin. Tidlegare har dei alle jobba på baroniet, fleire av dei på same tid. No finn dei stor glede i å ha kvarandre i storbyen. Natacha April Souyris frå Rosendal, som flytta dit så seint som i oktober, fortel at det var kjekt å ha dei tre «veteranane» å støtta seg på då ho kom dit.

– Eg er her for å ta ei intensiv danseutdanning. Eg har fullført ein mastergrad i kunstfilmregi, og skriv på ein spelefilm samstundes med studiane, fortel Natacha.

Les også

Topp 100: Sjå kven som tente mest i Kvinnherad i 2019

Russlandsstudiar

Pauline Naterstad frå Rosendal flytta til Berlin i 2015, etter å ha forelska seg i byen som 18-åring.

– Eg har fullført ein bachelorgrad i Nord-Amerika-studiar, og tar no eit årsstudium i tysk. Eg jobbar òg for den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga, med norsk-tyske relasjonar, fortel ho.

Anna Wågen frå Åkra har fullført ein mastergrad i russlandsstudiar. Ho har budd fast i Berlin sidan 2018.

– Eg blei verande i Berlin etter fullførte studiar, og jobbar no for ein bistandsorganisasjon kalla Childfund Deutschland, fortel ho.

Ragnhild Skeie Sunde (34) frå Rosendal flytta til Berlin i august 2018. Ho er utdanna lærar.

– Eg jobbar i eit utvekslingsprogram i regi av Oslo-skulen, og er tilsett i Oslo kommune. Eg følgjer 24 norske elevar som går på tyske gymnas, og underviser dei mellom anna i norskfaget, historie og filosofi. Utdanninga skjer på tysk, fortel ho.

Les også

Ap-Enstad opprørt over helsevikarbruk: – Verkar å vera heilt ute av kontroll

– Inspirerande plass å bu

For alle unntatt Natacha, som kom sist, snakkar tysk. Natacha skulle til å begynna på tyskkurs, men så stengde byen ned, så enn så lenge må ho læra seg språket for eiga hand.

Berlin er ein storby med rundt 3,6 millionar innbyggjarar, og jentene synest det er spennande å vera ein del av denne store smeltedigelen som samlar menneske frå alle verdshjørnar og kulturar.

– I vanlege tider, når det ikkje er pandemi, er det utruleg mykje som skjer her, og det er alltid noko å ta seg til. Konsertar, teater, kunstutstillingar, mange klubbar og så bortover. Og folk kjem frå heile verda. Det er ein utruleg spennande og inspirerande plass å bu, når det ikkje er pandemi, vel å merkja, fortel Pauline.

Les også

Karen Anna (24) frå Sandvoll blir TV 2 sitt nye fjes i nord: – Det er fantastisk der, og vi har Russland som pustar oss i nakken

Spente på jula

Jentene har vore kreative i å finna på kjekke ting å gjera på. Før lockdown gjekk dei på dansekurs i lag, og dei driv litt med keramikk. Dei har òg vore på mange utfluktar, gått turar langs kanalane og tatt del i det rike kulturlivet.

– Men akkurat no når alt er stengt, er det jo nesten som å bu i Kvinnherad. Ein skulle gjerne heller vore i Kvinnherad nett no, slik at ein kunne gått ut i naturen og opp i fjella, seier Ragnhild.

Alle dei fire jentene har planar om å reisa heim til Kvinnherad til jul, men er spente på korleis det blir.

– Innreisereglane til Norge er jo veldig strenge no, så vi får sjå om vi kjem inn i landet, seier Pauline.

– Er de flytta til Berlin for å bli verande?

– For min del vil eg anten bu i Berlin eller Kvinnherad. Og akkurat no trivst eg veldig godt her, så førebels skal eg nok ingen plass. Men eg kjem nok kanskje heim igjen ein gong i framtida, trur Pauline, og venninnene sluttar seg til den konklusjonen.

Les også

Møt lektor Tveito: – Fasinerande og gøy å forstå korleis ting verkar og heng i saman

Kommentarer til denne saken